Hopp til innhold

Tidlegare KrF-politikar dømd for valdtekt av barn

Tilstod seksuell omgang med 11 år gammal jente.

Magne Kvamme Sylta

AKTOR: Magne Kvamme Sylta er aktor i rettssaka og kravde tre og eit halvt års fengsel for den tidlegare politikaren.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ein tidlegare lokalpolitikar for KrF er i Bergen tingrett dømd til tre års fengsel for mellom anna seksuell omgang med ei på tidspunktet elleve år gammal jente, skriv Bergens Tidende.

Mannen var tiltalt for seksuelle overgrep, fleire tilfelle av blotting og forsøk på overgrep mot tre mindreårige jenter, men erkjente berre full straffskuld for seksuell omgang med den elleve år gamle jenta.

– Utvist total forakt for born

Aktor i rettssaka, Magne Kvamme Sylta, kravde tre og eit halvt års fengsel for mannen i 40-åra.

– Tiltalte har utvist ei total forakt for integriteten til born, seier Sylta til BT.

No er mannen altså dømd til tre års fengsel, og må betale til saman 150.000 kroner til to av jentene.

– Eg er veldig lei meg, og beklagar sterkt overfor dei det gjeld, sa han til NRK etter at han vart sikta.

Statsadvokaten kalla saka alvorleg då NRK omtalte tiltalen i september i fjor.

Gjekk føre seg over fleire år

Mannen, som tidlegare sat i eit kommunestyre i Hordaland, vart meld til politiet etter at jentene fortalde om overgrepa heime.

Hendingane skal ha skjedd mellom 2013 og mai 2016, og skal ha gått føre seg heime hjå mannen og i ei campingvogn.

No skal mannen saman med forsvarar Rolf Knudsen gå gjennom dommen før dei vurderer å anke.

– Min klient er dømd for postar han ikkje erkjenner straffskuld for. Det er ein grundig dom som vi vil gjennomgå nøye før vi bestemmer oss for ein eventuell anke, seier Knudsen til BT.

Trekte seg frå alle verv

Fire dagar etter at overgrepssaka vart kjend i august 2016, kalla KrF si kommunestyregruppe mannen inn til eit møte.

Konklusjonen vart at han trekte seg frå alle verv som folkevald. I ettertid vart mannen også utmeld av KrF.

Fylkesleiar i KrF i Hordaland, Pål Kårbø, omtala saka som trist.

– Eg vart veldig lei meg på vegner av partiet, men aller mest på vegner av borna og familiane som er ramma av dette, sa han til NRK i august 2016.