Hopp til innhold

Tidlegare elev (21) skal ha truga med skyting mot folkehøgskule i SOS-chat

Væpna politistyrkar gjekk til aksjon midt i allsongen på folkehøgskulen. No er ein mann som inntil nyleg var elev ved skulen sikta for trugsmålet. Sjølv nektar han for å stå bak.

Fana folkehøgskule

VÆPNA AKSJON: Fana folkehøgskole i Bergen fekk trugslar mot seg onsdag kveld. Biletet er tatt av skulen sjølv ved eit tidlegare høve.

Foto: Fana folkehøgskule

Væpna politi rykka onsdag kveld ut til Fana folkehøgskule i Bergen, etter informasjon om at ein mann med våpen var på veg mot skulen.

Det var 100 elevar på skulen, inkludert 30 som var på besøk frå ein dansk folkehøgskule.

Aksjonen var over like før klokka 23, då Sør-Øst politidistrikt hadde arrestert ein mann i Buskerud.

Torsdag fortel politiet til NRK at dei no har sikta mannen (21) for trugsmåla.

NRK får stadfesta at 21-åringen inntil nyleg var elev ved Fana folkehøgskule.

Kirkens sos-chat

SKRIFTLEG TRUGSEL: Politiet har tatt beslag i ein melding sendt inn på chattetenesta til Kirkens SOS.

Foto: Skjermdump soschat.no

Nektar skuld

Mannen var i avhøyr onsdag, og politiet har tatt beslag i datautstyret hans. Politiet har ikkje tatt beslag i våpen.

– Han nektar for å ha noko med dette å gjera. Vi håpar å finne fleire bevis i dei beslaga vi har gjort. Det har vi ikkje gått gjennom enno, seier politiinspektør Hans Egil Seljordslia.

Kirkens SOS-chat

Politiinspektøren fortel at trugsmålet mot skulen vart retta skriftleg, på nettchaten til Kirkens SOS. Dei varsla så politiet, som gav beskjed til folkehøgskulen og aksjonerte.

Seljordslia vil ikkje gå i detalj om innhaldet i trugsmålet, men seier politiet oppfatta det som eit trugsmål om skuleskyting.

– Den er innanfor spekteret av liknande trugsmål som vi har sett tidlegare. Måten politiet reagerte på, viser også at vi tok det alvorleg, seier han.

Hans Egil Seljordslia

POLITIINSPEKTØR: Hans Egil Seljordslia.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Var elev inntil nyleg

21-åringen er sikta etter paragraf 263 i straffelova, som omhandlar trugsmål som er eigna til å skape alvorleg frykt. Strafferamma er eitt års fengsel.

Den sikta mannen har vore elev ved folkehøgskulen, bekreftar rektor Tore Haltli overfor NRK.

– Sidan politiet no opplyser at det er snakk om ein 21 år gamal mann frå Buskerud som har vore elev ved skulen, kan eg stadfesta at han har vore elev ved skulen.

– Har han vore elev ved skulen i dette semesteret?

– Han har vore elev ved skulen inntil no nyleg.

– Kvifor er han ikkje lenger elev?

– Det vil eg ikkje kommentera, seier rektoren.

Roleg på skulen

Haltli seier saka no har roa seg på skulen, og at dei ventar politiet si vidare etterforsking.

Elevane ved Fana folkehøgskole var samla til allsong då trugsmålet blei kjend.

– Dei heldt seg samla i klasserommet. Politiet avklarte raskt at personen ikkje var i området, og avblåste aksjonen, seier rektoren.

Torsdag morgon fekk elevane meir informasjon og svar på spørsmål, før dei drog på påskeferie.

– Det verkar ikkje som om dei opplevde det som veldig skremmande. Eg trur elevane har tatt dette ganske greitt, avsluttar rektoren.