Hopp til innhold

Tidenes varmaste og tørraste april i Bergen

Årets april er den varmaste og tørraste som er målt i Bergen nokon gong. Snittemperaturen er fire grader over det normale.

Rodrigo, Alice og Heloisa

IMPONERTE: Rodrigo Belmonte (t.v.), Alica Belmonte og Heloisa Galbiati er ute og nyt det uvanleg varme aprilvêret. Den brasilianske familien let seg imponere av varmen trass i det dei er vane med frå heimlandet.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det har vore heilt herleg å vere utandørs i Bergen i dette vêret, seier Rodrigo Belmonte.

Han og familien hans bur i Bergen, men er opphavleg frå Brasil. Trass i at dei kjem frå det varme landet i Sør-Amerika, er dei er imponerte over den uvanlege varmen i Bergen så tidleg på året.

– Det har vore ein fin månad i Bergen, er den korte og greie oppsummeringa til klimavakt Hanna Heiberg ved Meteorologisk institutt.

Våren har så langt verkeleg vist seg frå si beste side over store delar av landet. Før helga hadde årets april smadra fleire varmerekordar. Måndag blei årets høgaste temperatur målt i Gjerpen i Telemark, med heile 25,7 grader.

No kan også Bergen notere seg to nye rekordar i statistikkboka, ved målestasjonen på Florida:

  • Rekordlite nedbør: Det er målt berre 13 mm så langt i april. Den førre rekorden var på 17,8 mm og vart sett i 1986.
  • Rekordhøg snittemperatur: Snittemperaturen per 30. april er på heile 9,8 grader. Det er fire grader over normalen og det høgste sidan 2009. Då var snittemperaturen på 9,5 grader.
Simon Valland Verftet

LITERVIS: Simon Valland, dagleg leiar på Kippers på Verftet har seld mange tusen liter med øl til vêrglade bergensarar.

Foto: Privat / Thor Brødreskift

Tørste og turglade bergensarar

Det var lovande meldingar allereie i starten av april. Varmen var på veg tilbake til Sør-Noreg og på Vestlandet vart det temperaturar opp mot 20-talet.

Restaurantane med uteservering gjorde seg klar for storinnrykk. På Kippers på Verftet gjekk dagleg leiar Simon Valland til innkjøp av 2000 liter øl.

No når april snart er over, kan han sjå tilbake på ein uvanleg god månad. Ølen han bestilte inn fekk raskt bein å gå på.

– Vi har selt kring 5000 liter øl. Det har også gått mykje kvitvin og prosecco, seier Valland nøgd.

Bergens befolkning har også tatt turen opp i høgda for å nyta været. For Fløibanen betyr det ny aprilrekord i talet på passasjerar.

Direktør Anita Nybø takkar vêrgudane for tjue prosent passasjerauke i forhold til 2018

– Vi har hatt kring 130 000 passasjerar denne månaden. Det er langt over dei 100 000 vi budsjetterte med. Bypåsken var strålande. Eg tør ikkje håpe på det same neste år.

Slik blir 1. mai-vêret:

Laster Twitter-innhold
Russ nyt sola

RUSS: Martin Mæle og Sarah Othilie Engan er russ og har sete inne og lese til prøvar store deler av april. No er dei glade for endeleg å kunne nyte sola litt.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Vêrskifte

Men med eit månadsskifte kjem det også eit vêrskifte. Som NRK melde måndag, kan temperaturen plutseleg stupa 20 grader.

Eit høgtrykk frå Grønland møter eit lågtrykk frå Finland og snur fullstendig om på vêret. Prognosane for Oslo syner 5–8 grader på dagtid og 2–3 grader natt til fredag.

Det er eit temperaturfall på rundt 20 grader frå makstemperaturen i går.

Laster Twitter-innhold