Hopp til innhold

Desse bøndene er ein del av ein trend

Etter at tusen sauebruk forsvann på ti år i Hordaland, er optimismen tilbake i næringa igjen. Caroline og Jarle Sveinung Langeland er ein av mange som no satsar på sauen.

Caroline Langeland og Jarle Sveinung Langeland i sauefjøset i Samnanger
Foto: Anders Ekanger / NRK

På garden til familien Langeland i Samnanger er det full rulle om dagen. Bøndene Caroline og Jarle Sveinung Langeland ventar 60 lam og då NRK er på besøk er 22 av dei komne.

Det er det unge ekteparet sitt første år med lammetid på garden, etter at dei flytta inn for snart eitt år sidan.

Familien Langeland er sauebønder i Samnanger

Cecilie og Jarle Sveinung Langeland saman med sonen Jakob (5,5 år).

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Han har alltid snakka om at han vil ha seg ein gard. Når denne dukka opp så slo me til, smiler Caroline.

No er ho og ektemannen blitt ein del av ein trend. Fleire og fleire gjer som dei og investerer for å kunne drive med sau.

Tidenes sauesatsing i Hordaland

For berre fem år sidan såg det mørkt ut for sauebøndene. På ti år rasa talet på sauebønder i fylket. Frå 2001 til 2011 hadde talet på sauebruk i Hordaland gått frå 3000 til 2000.

– Det var ei utvikling me ikkje likte. Me kom i ein situasjon der me ikkje klarte å forsyna innlandsmarknaden med norskprodusert lammekjøt. Det er ikkje noko kjekt, seier leiar Nils Inge Hitland i Hordaland Sau og Geit.

Men no augnar han håp. Mange unge investerer rekordsummar til ombygging og nybygging av fjøs. Målet er auka produksjon kraftig.

Optimisme

Stor etterspurnad og auka pris på lammekjøt har ført til optimisme og 2015 går mot å bli eit rekordår for satsing på sau.

– Til no i år er det tjue bygg i Hordaland som ligg på bordet til Innovasjon Norge for å støtte til nybygg. Det er ein veldig god utvikling og eit godt signal om at det er optimisme i sauenæringa, seier Hitland.

Spelsaulam i Mellingen

NY VÅR FOR SAUEN: Dette spelsaulammet i Mellingen er ein av mange som denne våren kan springa ut på bøane.

Foto: Merete Teigland Mellingen

Sikre på at dei valde rett

I Samnanger er sjukepleiar Caroline og offshorearbeidar Jarle Sveinung altså blitt sauebønder.

Ekteparet er sikre på at dei har vald rett, og er glade for at dei ikkje er dei einaste.

– Klart det er positivt at fleire satsar. Det er bra for heile næringa at fleire set i gong, seier Jarle Sveinung.

Ekteparet er sikre på at dei har valt rett.

– Det er veldig kjekt og veldig spennande. Og det er berre praksis som gjer at ein lærer, seier Caroline.

– Det er ingen veg tilbake når ein først har begynt. Men det var eit gjennomtenkt val, me veit kva det går i, avsluttar Jarle Sveinung.