Hopp til innhold

Anbodsrunden gjer Bergen meir miljøvenleg

Byen vert truleg reinare etter at den nye anbodsrunden for busskøyring i Bergen vart ferdig måndag.

Busskaos i Bergen

En av Tides busser på holdeplassen i Olav Kyrres gate.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Heile 82 nye bussar er venta på vegane, og 45 av desse er gassbussar. Dei resterande vil også ha miljøvenlege dieselmotorar.

– Det var eit krav frå Skyss si side om at det skulle vera så mange gassbussar, seier Karl Inge Nygård, jurist og kontraktansvarleg i Skyss.

Fokus på miljø

Tide buss vart måndag tildelt kontrakt for køyring av buss i Bergen sentrum fram til slutten av 2018.

Nygård dreg fram at selskapet tilfredsstilte tildelingskriteria dei hadde satt for miljø i høve anbodsrunden.

– Dei konkluderte på kriteria gjeldande miljø, men også diverse tiltak som miljøvenleg køyrestil, ulike system for å få betre køyrestil, samt meir miljøvenleg køyring, seier han.

Betydelege rutetimar

Ruteområdet omfattar Bergen sentrum, Bergensdalen og Bergen vest. Dette tilsvarer om lag 148 000 rutetimar per år.

Tide vart kåra til anbodsvinnar ut i frå ei vurdering av tildelingskriteria som gjekk på pris, kvalitet og miljø, der Skyss hadde vekta dei ulike kriteria med henholdsvis 60, 30 og ti prosent.

Konkurrentane var Fjord1Partner og Norgesbuss AS.

Anbodsrunden skulle eigentleg ha vore over for lenge sidan, men vart avlyst av di søknadane var mangelfulle. Det kan du lesa meir om her .