Hopp til innhold

Ti redningsaksjonar til Trolltunga på ni dagar

Endå ein redningsaksjon blei starta ved Trolltunga tysdag kveld. Røde Kors kunne ikkje senda mannskap.

Trolltunga

MYKJE Å GJERA: Røde Kors har hatt så mange redningsaksjonar at dei i natt måtte seia nei til å hjelpa ved Trolltunga. Arkivfoto.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– På grunn av mange redningsoppdrag i det siste hadde ikkje Røde Kors folk som kunne dra mot Trolltunga, seier operasjonsleiar Jan-Tore Heggholmen i Vest politidistrikt til NRK.

Måndag måtte eit par reddast ned. Og tysdag kveld fekk nok eit utanlandsk par trøbbel:

Paret, ein mann og kvinne i 20-åra, var for dårleg utstyrt. Dei kom seg heller ikkje ned frå fjellet før det var mørkt.

– Vi fekk melding klokka 23.11 om at dei hadde problem. Det er umogleg å ta seg ned etter at det er blitt mørkt. Dei fekk kontakt med ein privat hytteeigar og overnattar på hytta oppe i fjellet, seier Heggholmen.

Paret skal etter forholda ha det bra.

– Men dei var blitt våte på turen ned, seier Heggholmen.

Turkart Skjeggedal til Trolltunga

Ti oppdrag på ni dagar

Områdeleiar Bjørn Arild Fjeldsbø fortel at Røde Kors har hatt ti oppdrag på ni dagar. Alle har vore knytt til Trolltunga-turisme.

– Då vi spurde våre folk, var det ein person av 50 som var klar til å stilla i natt, seier Fjeldsbø.

Fordi paret hadde kome seg inn på ei hytte ikkje så langt frå Skjeggedal, vurderte Røde Kors situasjonen til ikkje å vera kritisk. I så fall ville dei kalla inn mannskap frå andre delar av fylket.

– Vi sa til politiet at dei kunne vurdera å kalla ut Sivilforsvaret. Eg registrerer at dei ikkje gjorde det. Det tyder vel på at vurderinga vår var riktig, seier Fjeldsbø.

Han legg ikkje skjul på at det har vore slitsamt dei siste dagane for dei frivillege i Røde Kors-styrken.

– Så mange oppdrag på kort tid slit på folk og utstyr, seier Fjeldsbø.