Hopp til innhold

Bryggen i Bergen kan pryda Times Square

Nordmenn kåra dei ti beste opplevingane på Vestlandet. Fire av desse skal pryda Times Square i New York for å promotere Fjord-Noreg.

bergen

BRYGGEN I BERGEN: Eit bilete av bryggen i Bergen er eitt av dei ti vinnarbileta som kan enda opp med å få pryda Times Square i New York.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

I sommar har turistar på Vestlandet lasta opp over 6000 bilete av ferien sin på å vera med i den storstilte konkurransen om å promotere Vestlandet.

Meir enn 40 000 stemmer har gjort det klart kva dei ti flottaste opplevingane på Vestlandet er.

Det beste av FjordNoreg

Det er det offisielle Turistrådet for Vestlandet, Fjord Norge, som har oppfordra turistane på Vestlandet til å laste opp bilete på Instagram. Med utgangspunkt i desse bileta blei nordmenn oppfordra til å stemme på sine favorittplassar.

Administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen, seier han er overvelda over responsen.

– Eg har aldri sett noko liknande. Det her må vere Noregs flottaste biletegalleri, fortel Jørgensen stolt.

Fleire på UNESCOs verdsarvliste

Fjord-Noreg er godt representert i dei ti bileta som er plukka ut som finalistar i fotokonkurransen.

  • sjå biletegalleri nederst i saka

Ein av dei er Nærøyfjorden i Aurland i Sogn og Fjordane. Nærøyfjorden har tidlegare hamna på UNESCOS verdsarvliste. Fylket Møre og Romsdal er godt representert av dei ti finalistane, både Strandafjellet, Kristiansund, og Geirangerfjorden er med.

I Rogaland er det Lysefjorden og Kjerag som endte opp med ein plass på topp ti, medan eit bilete av Indre Nordfjord fekk vise fram Sogn og Fjordane. I Hordaland var både Bryggen i Bergen, Trolltunga og Hardangerfjorden på lista.

Får eigen emneknagg

Dei ti vinnarstadane får eit eige skilt som eit bevis på at dei er ein av dei ti beste stadane fjord-Noreg har å by på, seier Jørgensen.

Kvart av desse skilta brukar # framfor stadsnamnet for å oppfordra nye turistar til å dela sine opplevingar med verda.

Skal pryda Times Square

No er dett opp til ein eigen jury kva fire av dei ti bileta som er vinnarbileta. Dei fire beste skal representere Vestlandet på Times Square i New York i forbindelse med ei større arrangement som skal profilere Vestlandet i 2014, fortel Jørgensen.

Direktøren i Fjord Norge seier fortel at Vestlandet har blitt vist fram for fleire millionar menneske som følgje av konkurransen.

– Denne konkurransen har sørgja for at framtidige besøkjande har minst ti gode grunnar til å besøke verdas vakraste reisemål, seier Jørgensen.

SJÅ DEI TI VINNERBILETA