NRK Meny
Normal

Ti barnehagar råka av streiken – lista blir snart lengre

Tilsette i fire nye barnehagar i Bergen streikar frå onsdag. Fredag vert fase tre kunngjort, som skal råka barnehagane endå hardare.

Skjold menighetsbarnehage

STENGT: Her i Skjold kyrkjelydsbarnehage har det vore delvis stengt så langt i streiken. Frå onsdag av vert det heilt stengt.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Streiken i kyrkjekonsernet Akasia ser ikkje ut til å bli kortvarig. Onsdag trappar dei tre fagforbunda opp streiken.

Opptrappinga medfører at cirka tusen born i ti barnehagar i Bergen er råka av streiken i Akasia-konsernet.

Og allereie seinare denne veka vil dei varsla ei ny stor opptrapping: Eit tredje uttak av streikande vert offentleggjort fredag.

– Det er primært tilsette i barnehagar me kjem til å ta ut. Det er her me har moglegheit til å råka Akasia i størst grad, seier nestleiar i Fagforbundet, Odd-Haldgeir Larsen, til NRK tysdag.

– Dette er ein veldig alvorleg situasjon og me kjem til å setja inn alle krefter for å koma fram til ei løysing, legg han til.

Slik rammar streiken

Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Delta og Lederne gjekk 5. mai til streik. Konflikten handlar hovudsakleg om pensjon.

Desse barnehagane er heilt stengd frå onsdag 10. mai:

  • Sædalen barnehage
  • Nygård kyrkjelydsbarnehage
  • Neshaugane barnehage (fom 10. mai)
  • Skjold kyrkjelydsbarnehage (fom 10. mai)

Desse barnehagane er delvis stengd, med det Akasia kallar «avgrensa tilbod»:

  • Fana barnehage
  • Litlafjell barnehage
  • Nykirken barnehage
  • Søreide barnehage
  • Paradis barnehage (fom 10. mai)
  • Råtun barnehage (fom 10. mai)

– Opptrappinga medfører ein viss reduksjon i tilsynsordninga i dei barnehagane som blei råka først, seier barnehagesjef Edle Damm i Akasia.

Tilsynstilbodet betyr at barnehagane er opne enkelte dagar mellom 10 og 14, men berre for eit avgrensa tal born kvar dag.

Streikevakter i Skjold barnehage

STREIKEVAKTER: Denne gjengen sat i dag streikevakt utanfor Akasia-barnehagen på Skjold: Frå høgre: Ragnhild Storesund, Solveig Valde-Reed, Janne U. Landaas og Martin Tungodden.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Over 30 tilsette som driv med vask, vedlikehald, restaurering og opprusting i og rundt alle dei 32 kyrkjene, i tillegg til sju kapell i Bergen er også tatt ut i streik. Ifølgje Akasia får dette førebels ikkje alvorlege konsekvensar.

Viktige nyheiter fredag

Ei halv veke etter at over 160 fagorganiserte gjekk ut i streik, er det framleis ingen samtalar mellom partane. Arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter og dei fire fagorganisasjonane står milevis frå kvarandre.

– Me har tenkt å stå i kampen og vil auka på i vekene framover. Streik er vårt siste verkemiddel og den einaste moglegheita me har for å få arbeidsgjevar i tale.

Fagforeininga diskuterer no kor mange som skal takast ut i neste fase. Fredag vil dei fire arbeidstakarorganisasjonen offentleggjera kor mange dei tek ut i fase tre av streiken.

Nestleiaren tør ikkje spå kor langvarig denne streiken kan bli.

– Det er umogleg å spå. Me har streikekraft i fleire månader, konstaterer Larsen.

Spekter: – Veldig beklageleg

Streiken gjeld for medlemmar i dei tre verksemdene Akasia Barnehage AS, Akasia Eiendomsforvaltning AS og Akasia Kirke og Gravplass AS.

Arbeidsgjevarforeininga Spekter fører forhandlingane på vegner av Akasia.

– Det har diverre ikkje vore samtalar sidan førre veke. Det er veldig beklageleg. Vi jobbar på høgt trykk for å sjå om det er noko vi kan finna på for å løysa denne streiken og opna barnehagane igjen. Vår dør er alltid open, seier Anne-Kari Bratten, administrerande direktør i Spekter.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.