Hopp til innhold

Thommas fann Mona drepen: – Det finst ikkje tilgiving for dette

BERGEN TINGRETT (NRK): Thommas Dybwad høyrde den drapstiltalte 44-åringen snakka om å ta livet av Mona Nordaas, men trudde ikkje han meinte det. Dagen etter fann han naboen drepen på Evanger.

Thommas Dybwad

NØKKELVITNE: Onsdag var Thommas Dybwad eit av vitna som forklarte seg då rettssaka starta i Bergen tingrett. Han var ein av to naboar som fann Mona Nordaas drepen på Evanger i juni i fjor.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Det er heilt grufullt, seier Thommas Dybwad.

Han er eit av fleire vitne som onsdag forklara seg i rettssaka etter at Mona Nordaas (58) vart drepen på Evanger 16. juni i fjor.

Ein 44 år gammal mann er tiltalt for drapet. Han erkjente ikkje straffskuld då rettssaka starta onsdag.

Mannen er, ifølge advokaten hans, sjølv usikker på om han er tilrekneleg.

Møtte tiltalte 17 dagar før drapet

Den tiltalte mannen kom til Evanger nokre veker før drapet fann stad. 30. mai møtte Dywad mannen for første gong.

– Eg hadde bursdag, og Mona hadde invitert til besøk. Det var som alle andre møte med nye folk. Det var ikkje noko med tiltalte som eg stussa over.

Huset til kvinne funnet drept på Evanger

ÅSTADEN: Det var i dette huset at Thommas Dybwad første gong møtte den drapstiltalte 44-åringen. I same hus vart Mona Nordaas funnen drepen nokre veker seinare.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Men etter kvart gjorde tiltalte sin veremåte at Dybwad lurte på om noko var gale.

– Han kom til meg kvar dag, då han ikkje var velkomen nokon annan stad på Evanger. Folk reagerte på at han hadde mange sprø utsegn, men eg meiner at ein skal gje alle ein sjanse. I ettertid stussar eg over mykje av det han har sagt, seier Dybwad.

Natta før drapet skjedde skal tiltalte ha låst seg inn i leilegheita til Dybwad. Der fortalde han at han ønska å drepe Nordaas, og at han hadde sett klar drapsvåpenet. Men Dywad avfeia det som fyllerør.

– Eg trudde ikkje på det han sa. Dette er noko eg slit med framleis, eg kunne gjort mykje meir enn det eg gjorde.

Brukte øks som drapsvåpen

Dagen etter, 16. juni, vart Dybwad letta då han såg at Mona stod i hovudvegen. Ho var akkurat komen tilbake frå ein tur til Bergen saman med ei venninne.

– Men ein time seinare såg eg tiltalte kome ut av huset hennar. Då forstod eg kva som hadde skjedd.

Inne i Nordaas sitt hus fann Dybwad 58-åringen drepen.

– Ho hadde tydelege merker frå øksa han hadde brukt.

Drapsvåpenet på Evanger

DRAPSVÅPENET: Under rettssaka i Bergen tingrett vart det vist bilete av øksa som vart brukt til å ta livet av Nordaas.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Under ein halvtime etter at politiet kom til åstaden, vart den tiltalte mannen arrestert. På åstaden fann politiet eit fire siders brev, der tiltalte tilstod drapet.

Dybwad ber tydeleg preg av at det er vanskeleg å stå i retten og fortelje om den grufulle junidagen.

– Eg håpar sanninga kjem fram i retten, og at tiltalte ikkje skjuler seg bak andre forklaringar. Ein kan ikkje falle så lågt, og etterpå sei at ein ikkje hugsar. Det finst ikkje tilgiving for dette.