Hopp til innhold

Terrorfrykt stoppar 17. mai-tog på E39

FANA (NRK): Politiet nektar barnetoget frå Kaland skole å gå den tradisjonelle ruta på E39 på nasjonaldagen. – Barna er veldig triste, seier leiaren av 17. mai-komiteen.

17.mai tog på E39 ved Kaland skole

STOPP: Barnetoget frå Kaland skole får ikkje gå den vanlege ruta på E39 på 17. mai i år.

Foto: Kolbjørn Akervold

Tradisjonen tru plar politiet vere til stades for å stoppe køyretøy på den sterkt trafikkerte E39 forbi Kaland skole i Fana på 17. mai, slik at barnetoget skal få gå sin vante gang. Men i år vert det ikkje slik.

– No har vi kome i ein situasjon der vi må omdisponere mannskapa vi har tilgjengeleg 17. mai, seier stasjonssjef ved Bergen sør politidistrikt, Bård-Tore Norheim.

Avgjersla, som er teken på bakgrunn av trusselvurderinga frå PST, inneber mellom anna at politiet skal oppbemanne i Bergen sentrum og på Nesttun.

– Det går ut over oss som har eit mindre tog på Kaland. Når politiet ikkje kan stenge E39, som er vår trasé, vert 17. mai-toget vårt amputert, seier leiar av 17. mai-komiteen, Bodhild Fjelltveit.

Kaland skole

Manglar alternativ

– E39 er ein trafikkert veg der ikkje alle køyrer forsvarleg. Vi kan difor ikkje anbefale at toget går der utan at vi dirigerer trafikken, seier Norheim.

Fjelltveit fortel at det er kome fleire reaksjonar etter at dei fekk beskjeden frå politiet på tysdag.

Bodil Fjelltveit

LOVAR FEIRING: Leiar i 17. mai-komiteen, Bodhild Fjelltveit, lovar at dei skal feire nasjonaldagen òg på Kaland skole, sjølv om toget ikkje går som vanleg.

Foto: Stian Røkenes / NRK

– Dei yngste barna er veldig lei seg. Vi skal ha feiring uansett, men har ikkje så mange alternative ruter å gå. Vanlegvis går vi til saman halvanna kilometer på E39, og no må vi sjå på alternative traséar, seier Fjelltveit.

Ho fortel at ei mogleg rute for toget er å ta nokre rundar på fotballbana.

– Beklageleg

Kolbjørn Akervold var til stades på møtet tysdag. Han er skuffa over at toget ikkje får gå som vanleg.

– Vi vart lettare sjokkert, det var ingen som hadde sett føre seg at dette skulle skje. Vi har ingen andre vegar å bruke for å kome oss til skulen, seier Akervold.

Politistasjonssjef Norheim kan ikkje anna enn å beklage at dei ikkje stiller opp som vanleg.

– Vi klarar rett og slett ikkje å finne ledige politifolk som vi kan sende til Kaland.

Han understrekar at det ikkje ligg føre ein konkret trussel mot 17. mai-toga, og at det ikkje er fleire skular som vil få same beskjed som Kaland skole.

Bård-Tore Norheim

BEKLAGAR: Stasjonssjef ved Bergen sør politidistrikt, Bård-Tore Norheim, synest det er synd at politiet ikkje kan bidra til at 17. mai-toget på Kaland får gå som vanleg.

Foto: Stian Røkenes / NRK

– Opp til politidistrikta

NRK har vore i kontakt med Politidirektoratet om terrorfaren på 17. mai.

– Det er dei ulike politidistrikta som vurderar sikkerheita knytt til 17. mai og terror, skriv POD i ein e-post.

Sør-Vest politidistrikt opplyser at dei på si side ikkje har planlagd tiltak knytt til trusselbiletet på nasjonaldagen.

– Slik situasjonen er no er det ikkje sett i verk konkrete tiltak i samband med 17. mai. Vi vurderer tiltak i høve til trusselbiletet som til ei kvar tid ligg føre, og gjer fortløpande vurderingar, seier stabssjef Egil Eriksen.

– Så de har ikkje gitt restriksjonar når det gjeld kvar 17. mai-tog kan gå?

– Nei, absolutt ikkje.