NRK Meny
Normal

Terroråtaka blir tema under årets Festspill

Programmet for Festspillene 2015 blir lagt fram i dag. På lista står fleire nye norske verk og ein debatt om kunst og ytringsfridom, som følgje av terroråtaka i Paris og København.

Anders Beyer

SLEPPER ÅRETS PROGRAM: Festspilldirektør Anders Beyer kunne i dag sleppe årets program for Festspillene.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

I dag slepper Festspillene årets program med meir enn 150 produksjonar som vert synt over 15 dagar.

Orfeo

ORFEO: Festspillene i Bergen slepp i dag programmet for 2015. Biletet er frå Orfeo basert på Claudio Monteverdis opera med same namn.

Foto: Monika Rittershaus
iD m/Cirque Éloize

CIRQUE ÉLOIZE: Det kanadiske nysirkuskompaniet Cirque Éloize kjem til Festspillene med førestillinga iD.

Foto: Valérie Remise

Arbeidets med årets store produksjonar har tatt opp til 3–5 år. Andre programpostar grip tak i aktuelle hendingar som terroråtaka på karikaturteiknarar, fortel festspill-direktør Anders Beyer.

– Noko av det siste som har komme inn i programmet er ein debatt om ytringsfridom og kunst. Det er jo på bakgrunn av det som har skjedd i Frankrike og seinast i København.

Kjærleik og lokale artistar

Kafka feat. Røyksopp, Orfeo, Jan Eggum, Herborg Kråkevik med kor, BIG Nightmare Music, iD m/Cirque Éloize, og konsert med dansarar for byens borgarar ved Store lungegårsvann er blant dei tidlegare annonserte arrangementa.

Ane Dahl Torp

TIL FESTSPILLENE: Ane Dahl Torp speler i eit nytt verk av Nils Henrik Asheim.

Foto: Elise Hellem Ratvik / NRK

Blant årets store trekkplaster trekker Festspilldirektør Anders Beyer fram Ane Dahl Torp som skal spele i eit nytt verk av Nils Henrik Asheim og ein ny opera Adam & Eve–a Divine Comedy av Cecilie Ore.

Årets hovudtema «kjærleik» skal gjennomsyre mykje av programmet med opningsforestillinga Porgy and Bess, Orfeo og ein moderne versjon av Mies Julie.

– Folk skal kjenne seg forstyrra i 14 dagar på ein skikkeleg spennande måte der me leikar saman og vert klokare på kvarandre og verda, seier Beyer.