NRK Meny
Normal

– Terrorangrepet er opprørande

Då muslimar møtte opp til fredagsbøn i Bergen Moske var temaet terrorangrepet i Paris. Dei fordømmer angrepet.

Terrorhandlinga var tema under fredagsbøna i Bergen Moske.

TEMA: Terrorhandlinga i Paris var tema under fredagsbøna i Bergen Moske.

Momodou Bandeh i Bergen Moske

OM ANGREPET: Forstandar i Bergen Moske, Momodou Bandeh, talte om terrorangrepet i Paris før fredagsbøna.

Foto: Sigrid Grøm Bakken / NRK

– Terrorangrepet er opprørande, sjokkerande, og grufullt, sa forstandar i Bergen Moske, Momodou Bandeh, før fredagsbøna i Bergen Moske.

– Tankane våre går til det franske folket, og spesielt til dei som har mista sine kjære, la han til.

– Heil uakseptabelt

Etter at satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris blei angripe denne veka, har muslimar i Noreg tatt sterk avstand frå terrorangrepet.

Momodou Bandeh

UAKSEPTABELT: Å seie at ein gjer terrorhandlingar for å hemne profeten er uakseptabelt, seier forstandar i Bergen Moske, Momodou Bandeh.

Foto: Sigrid Grøm Bakken / NRK

Muslimar i Oslo åtvarar nordmenn mot å stemple alle muslimar som mogelege terroristar.

– At dei seier dei gjer dette for å hemne vår kjære profet er heilt uakseptabelt, seier forstandar i Bergen Moske, Momodou Bandeh.

– Når me bur i Vesten, så må me godta at det er ytringsfridom her og leve etter den. Teikningar og alt det der er innanfor ytringsfridomen, og det må me godta som muslimar, seier han.

Fordømmer handlinga

Ladif Abdilahi Ahmed

FORDØMMER: Iman i Bergen Moske, Ladif Abdilahi Ahmed fordømmer terrorhandlinga mot Charlie Hebdo i Paris.

Foto: Sigrid Grøm Bakken / NRK

Iman i Bergen Moske, Ladif Abdilahi Ahmed fordømmer terrorhandlinga og tar avstand frå det som ha skjedd.

– Det er uakseptabelt å bruke Islam for å drepe menneske. Islam står for å bevare menneske sine liv og ytringsfridomen vår. Det er uakseptabelt å drepe nokon og bruke vald på grunn av ytringsfridom, seier han.

– Under fredagsbøna fokuserte me på dette for å førebyggje og motverke slike handlingar. Me ynskjer å unngå at ungdommane våre blir radikalisert, og dette tok me opp i dag.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo