Hopp til innhold

Unge reagerer på terror dei ikkje er råka av

Ny forsking viser at ungdom kan få stressreaksjonar og traume etter terroraksjonar som 22. juli – sjølv om dei ikkje var direkte råka av terroren.

Sorg etter terrorangrep, utvika camping søndag

URO OG STRESS: Ungdom samlar seg ved Utvika camping etter 22. juli. No viser forsking at terrorangrep kan føre til uro og stress – også blant unge som ikkje er direkte råka av slike hendingar.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Scanpix

Det er forskarar ved Uni Research i Bergen som har teke utgangspunkt i ei undersøking blant 10.000 skuleelevar.

Data frå undersøkinga viser at langt fleire ungdom enn dei som er direkte råka av terror kan få seinverknader.

Den ferske forskinga viser at ungdom kan få posttraumatiske stressreaksjonar i etterkant av terroraksjonar sjølv om dei ikkje er direkte råka av terroren.

Forskarane tok utgangspunkt i 22. juli og undersøkte kven og kor mange unge som reagerte på terroren.

– Reagerer med uro og stress

– Dei unge reagerer gjerne med meir uro og stress etter ei slik hending, seier forskar Dag Øystein Nordanger ved Uni Research.

Nordanger er ein av forskarane hjå Uni Research som har analysert data frå forskingsprosjektet ung@hordaland og funne dette resultatet. 10.000 elevar deltok i undersøkinga, der dei mellom anna fekk spørsmål om reaksjonar på terrorangrepet 22. juli.

Nokre er meir utsett enn andre for å få stressreaksjonar i etterkant av terror. Risikoen aukar nemleg dersom ungdommane sjølv har opplevd seksuelle krenkingar eller vald tidlegare i livet.

Dag Øystein Nordanger

FØREBYGGING: Forskar Dag Øystein Nordanger meiner forskinga viser at førebygging av vald og seksuelle krenkingar blant unge også er førebygging av reaksjonar på dramatiske hendingar som 22. juli.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Jo meir ein har vore utsett for vald, eller vore vitne til vald tidlegare, desto meir aukar risikoen for å få posttraumatiske stressreaksjonar, seier Nordanger.

Forskinga viser at også offer for seksuelle overgrep eller krenkingar har større sjanse for å reagere på terror.

  • Om ein har vore utsett for vald ein rekke gongar aukar risikoen med 50 prosent.
  • Dersom ein har vore utsett for seksuelle overgrep ein rekke gongar er risikoen for seinskadar så mykje som dobla.

– Verdifull informasjon

– Det me har funne ut er særs viktig. Det fortel oss at førebygging av vald og overgrep tidleg i livet også er førebygging av reaksjonar på større heidningar som kan skje seinare i livet, seier Nordanger.

Han meiner forskinga er viktig informasjon som alle i Helse-Noreg som jobbar med ungdom bør ta med seg.

– Ein må vere merksame på at personar med ei vond historie tidlegare i livet kan få ein vanskeleg periode, sjølv om han eller ho ikkje var direkte råka av terroren.

– Å sikre ein trygg oppvekst og trygge rammer for barn og unge er også førebyggande når det gjeld konsekvensane av dramatiske hendingar som skjer i samfunnet, slik som 22. juli.