Hopp til innhold

Terje Vigen ror igjen

Denne seinsommaren er Terje Vigen på mange scenar. Og diktet held seg.

 

Innsjø
Foto: Schgaguler, Roland / SCANPIX

- Same kor mange gonger ein les dette diktet, så slår det sterkt, seier pensjonert professor Asbjørn Aarseth.

Ta deg tid

Diktet er langt, men den som tek seg tid til å lesa, får ein dramatisk historie. Asbjørn Aarseth kjenner godt til dette mest folkelege av alt Henrik Ibsen har skrive. Men han blir framleis rørt når han skal fortelja historien.

- Ibsen var sjølv i ein vanskeleg periode av livet. Han hadde felles trekk med Terje Vigen. Han trong pengar, og diktet som slo så sterkt gjennom skaffa han eindel mynt.

Typisk lagnad

Terje Vigen er nok ikkje ein verkeleg person, men han var ein typisk lagnad under blokaden i Skagerrak i perioden 1807-1814.

I 1806 var det særskilt stor naud i Norge, så mange tok sjansen og rodde over for å få tak i korn i Danmark. Familiane venta heima.

Inntil 5 000 nordmenn sat i engelske fengsel i denne tida etter å ha blitt tekne. Då var det ikkje uvanleg at kone og born svalt ihel.

På mange scenar

Alle vestlendingar får høve til å sjå Terje Vigen denne seinsommaren. Kystsogevekene har musikalen Terje Vigen på fleire scenar, og laurdag kan du høyra Bjarte Hjelmeland lesa diktet på Periferifestivalen på Glesvær.