Hopp til innhold

Tener millionar på metall som folk kastar

Folk kastar metall for fleire millionar rett i restavfallet kvart år. – Dette er jo ting som folk eigentleg burde ha sortert ut, fortel BIR – som sel vidare metallet som blir kasta.

Metallgjenvinning

SKRAPHAUG: I denne haugen ligg tusenvis av metallgjenstandar som har hamna i søpla. På BIR sitt anlegg på Osterøy sorterer dei det, og sel det vidare for millionar kvart år.

Foto: ANETTE KRONSTAD SØRHEIM / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Pyntefigurar, kokepanner, golfkøller, gullsmykker og pengar er berre noko av tinga som folk kastar rett i søpla.

Restavfallet som ein kastar blir brent på avfallsstasjonar over heile landet og blir til oske.

I Bergen blir oska som kjem frå avfallsstasjonen på Rådal frakta til Osterøy, kor ein sorterer ut metallet som ikkje er blitt brent.

Store mengder

På eitt år plukker dei ut 5.500 tonn metall som dei sel vidare for 12 millionar kroner i året.

– Me leverer vidare til anlegg som sorter endå finare enn det me gjer, og så sel dei det vidare til metallverk rundt om i verda. Dei kan bruka metall til å laga nye ting. Det er absolutt ein marknad for dette, seier dagleg leiar i BIR Avfallsbehandling, Ingrid Hitland.

Metallet burde eigentleg ha hamna i metallgjenvinninga på resirkuleringstasjonane.

–​ Metallet som folk leverer til gjenvinning blir ikkje brent, og vil difor ha betre kvalitet, seier ho.

METALL

DYRBART: Ingrid Hitland viser fram ein medaljong som er henta ut frå oska på Osterøy. – Det er jo synd at folk kastar slike ting, seier ho.

Foto: NRK

Held renoveringsavgifta nede

Ho seier det er bra at ein har moglegheita til å plukka ut det verdifulle metallet frå søpla.

– Det hamnar alltid metall i restavfallet, sjølv om folk er flinke til å sortera. Då er det nyttig at me har dette anlegget, slik at me kan ta den ekstra sorteringa.

Men anlegget på Osterøy, som kom i 2008, er ikkje ein erstatning for at folk skal sortera riktig.

– Me vil absolutt oppfordra folk til å halda fram med å sortera, og bli flinkare til å sortera ut metall frå søpla.

– Og pengane som BIR får inn frå salet, kva skjer med dei?

– Pengane brukar me til å halda renoveringsavgifta nede, seier Hitland.

Ingrid Hitland

ØNSKER MEIR SORTERING: Dagleg leier Ingrid Hitland i BIR Avfallsbehandling.

Foto: ANETTE KRONSTAD SØRHEIM / NRK