Tenåringar stakk av frå barnevernet - køyrde Noreg på tvers i stolen bil

Rømlingane frå Østfold blei stansa i kontroll i Hardanger. Då Vegvesenet oppdaga at sjåføren mangla førarkort, stakk ungdomane av.

Stolen i Østfold, stoppa på Voss

HIT MEN IKKJE LENGER: Bilen som blei stolen i Østfold blei stoppa på Voss av politiet.

Foto: Voss Lensmannskontor

– Eg har vore ute for liknande før, men dette var spesielt, seier overingeniør Dag Rykkje i Statens vegvesen.

Måndag gjennomførte han og ein kollega ein ordinær køyretøykontroll på Brimnes ved riksveg 7 i Hardanger.

Overingeniøren hadde vinka inn både tunge og lette køyretøy då ein Volkswagen Caravelle kom blinkande inn på den nedlagde ferjekaien.

Vogntog ilagt bruksforbud i Eidfjord

STANSA PÅ KAIEN: Det var på denne ferjekaien i Hardanger trioen i varebilen blei stansa måndag føremiddag. Biletet er frå ein storbilkontroll.

Foto: Statens vegvesen

Bad sjåføren venta i bilen

I bilen sat tre unge menn. Den unge sjåføren viste villig fram vognkortet, men sa han hadde gløymt førarkortet og mangla legitimasjon.

Rykkje søkte namnet opp i førarkortregisteret, medan mannen venta på kontoret. Før kontrollørane sette i verk ytterlegare undersøkingar, bad dei mannen gå ut i bilen.

– «Kontoret» er ei nedlagt ferjebu, så me ville ikkje at han skulle sitja og følga med på vår vidare saksgang og rutinar. Me bad han difor gå ut og venta.

Men det skulle ikkje mange søk til før kontrollørane oppdaga at mannen aldri har hatt førarkort. Då dei kort tid etterpå gjekk ut for å ta bilete og gje mannen eit gebyr, var bilen forsvunne.

– Politiet konstaterte kjapt at bilen var stolen. Då tok det ikkje lang tid før fleire patruljar var på hjul. Me tipsa om at politiet i Eidfjord, Norheimsund og Voss måtte følga med, seier Rykkje.

Frå Østfold til Voss

Ein halv time seinare, klokka 11.30, stansa politiet på Voss dei tre unge mennene.

– De blei effektivt stansa og teken med av patruljen, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Natt til sundag rømte tre mindreårige frå ein barnevernsinstitusjon på Voss og stal ein bil. Geitle avviser at det er dei same ungdomane.

– Desse tre var sakna frå ein barnevernsinstitusjon i Østfold.

Mistanke om rus

Førar av bilen er 18 år, medan dei to andre er 18 og 17 år, opplyser politiet på Voss.

Ein patrulje sikra blodprøve av føraren, på grunn av mistanke om ruspåverka køyring. Pågripinga skal ha gått udramatisk for seg, ifølgje lensmann på Voss, Robert Veseth.

– Bilen blei stoppa utan dramatikk. Dei har erkjent at dei har stole bilen i Østfold torsdag førre veke.

Ifølgje Veseth skal ungdomane ha blitt køyrt tilbake til institusjonen dei tilhøyrer.

NRK har vore i kontakt med eigaren av bilen. Han ynskjer ikkje å kommentera tjuveriet eller tenåringane sin tur over fjellet.