NRK Meny
Normal

Telefonsal til nordmenn frå Spania

Telefonsalselskapet Stord Dialog skal til hausten etablera seg på Costa Blanca i Spania.

Artikkelen er flere år gammel.

Planen er å tilsetja omlag 50 nordmenn og svenskar i området.

Desse skal driva telefonsal retta mot Skandinavia - fjernstyrt frå Stord.

- Det er 15 000 nordmenn som bur i dette området. Mange ønskjer å jobba, og me treng folk, seier eigar Jan Kåre Pedersen.

Jan Kåre Pedersen
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Lågare lønsnivå i Spania

Frå før av har Stord Dialog omlag 150 personar i Sunnhordland på lønningslista.

1. september er det meininga å opna filialen med 50 tilsette i Alfaz del Pi på Costa Blanca, eit område med svært mange skandinavar.

Lønsnivået er lågare i Spania, og blir det då norsk eller spansk løn på dei tilsette?

- Det vil truleg bli ei blanding, men så langt er me endå ikkje komne, svarer Pedersen.

 

Siste video

Festivalarbeidarar jobbar gratis i varmen. Det er ei av sakene fredags kveld.
May Britt Buer vann kvinneklassa i motbakkeløpet Kvasshovden Opp i Ulvik som også var NM.
Tunnelen på E39 har ein eigen knapp som varslar bilistar om syklistar.