Hopp til innhold

Telefondekninga nede i Sunnhordland

Dei aller fleste Telenor-kundane som har problem med mobil- og fasttelefondekninga i Sunnhordland, vil få att dekningen i løpet av kvelden.

Sunnhordland

Sidan sjøkabelen som er øydelagt ikkje kan reparerast før eit kabelskip kjem frå Harstad for å fikse den, har Telenor no leigd kapasitet frå lokale kraftleverandørar.

– No vil alle dei utan fasttelefon få tilbake dekningen, og me håpar å ha det i orden i løpet av tidleg kveld, seier informasjonssjef i Teleno, Anders Krokan.

Leiger lokal hjelp

I tillegg vil halvparten av dei som har mist breidbåndet og mobildekninga, få det tilbake.

Telenor får hjelp av Finnås Kraftlag og BKK til å ta over kundane sine medan dei får ordna sjøkabelen.

– Me er veldig takknemlege for at me har moglegheit til å leige kapasitet, seier Krokan.

Tek tid å ordne

Telenor sitt eige nett, vil det ta tid å ordne.

– Me har rekvirert kabelskip, men det må gå frå Harstad, og det vil ta om lag tre dagar, seier han.

Meir enn 1000 utan dekning

Om lag 500 personar er heilt utan både mobil- og fasttelefondekning, i hovudsak i Bømlo kommune.

Over tusen abonnentar i kommunane Bømlo, Stord, Tysnes, Fitjar og Kvinnherad er utan fasttelefon og internett.

I tillegg er det redusert mobildekning i dei same kommunane, unnateke Kvinnherad. Men Krokan kan ikkje svare på kor mange som er råka.

I dei områda det er meld om dårleg dekning, bur det om lag 48 000 personar.

Har ikkje naudtelefon

Det betyr òg at det ikkje er mogleg å ringe naudtelefonar.

– Ein vil ikkje få dekning til å ringe naudsamtalar heller. Det kan vere mogleg å ta ut SIM-kortet og prøve å ringje. Det skal fungere om ein annan operatør har dekning i området, seier Krokan.

– Sjokkert

– Eg er sjokkert over at eg ikkje er blitt varsla, seier ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland (H).

Ho har undersøkt at tryggingsalarmane i kommunen fungerar, og har sett høgare beredskap i pleie- og omsorgsektoren.

– Om lag 98-99 prosent av tryggingsalarmane fungerar, og me har beredskap i orden for at alle skal vere trygge, seier Eskeland.

– Har høg prioritet

Han kan ikkje sei noko om når dekninga vil vere tilbake.

Over 20 basestasjonar for dekning er ute av drift. Men det er ikkje kartlagt akkurat kva område som er utan dekning.

– Det kan hjelpe å bevege på seg for å få inn signal frå andre stasjonar, seier Krokan.

– Får konsekvensar

Bømlo er den kommunen som er hardast råka. På Bømlo sjukeheim, har dei merka dekningssvikt, og er bekymra for kva det kan føre med seg.

– Me har dårlege pasientar, og er avhengige av å kunne kommunisere både inn og ut, både med tanke på pårørande og helsepersonell, seier sjukepleiar Lissie Kold Huseby.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.