Hopp til innhold

Teknikken svikta for Bybanen

Teknisk feil gjorde at ei bybanevogn ikkje greidde å starta. Vert taua til Kronstad ved hjelp av ei anna bybanevogn.

Bybanen vert taua vekk

TAUAST VEKK: Ei anna bybanevogn måtte brukast for å taua vekk vogna som fekk tekniske problem.

Foto: Arne Ellingsen

For tredje gong på kort tid fekk Bybanen trøbbel med ei av vognene sine. Denne gongen var det teknikken som svikta.

Ved 17-tida sundag ettermiddag greidde ikkje bybaneføraren å starta bybanevogna i Kaigaten.

- Det var vogn 203 som ikkje var mogleg å få start på, når det ikkje gjekk valde me å taua vogna tilbake til verkstaden på Kronstad, seier Dan Hildebrand i Fjord1 partner, selskapet som står for drifta av Bybanen.

Det er for tidleg å slå fast kva som var årsaken til at ein ikkje fekk starta vogna.

- Det einaste me veit er at det er ein teknisk feil, seier Hildebrand.

Politiet var på plass for å dirigera trafikken i området.

(meir under biletet)

Teknisk feil for Bybanen

TEKNISK FEIL: Vogn 203 greidde ikkje å starta frå endestoppet i Kaigaten.

Foto: Arne Ellingsen

Ikkje første gong

Bybanen har vore plaga av fleire uhell dei siste vekene før den offisielle opninga på tysdag. Først støtte to av Bybanevognene i Kaigaten. Kort tid etter kolliderte Bybanen med ein bil i Bjørnsons gate.

Den første kollisjonen gjorde at Bybanen må starta opp med lengre intervall mellom avgangane enn det som var planen.

Hildebrand kan ikkje svara på om dei tekniske problema som oppstod i dag vil få konsekvensar for opninga på tysdag.

Konsekvensar for opninga?

Allereie tysdag er det invitert til storstilt bybaneopning på Nestun, Sletten og på Festplassen. Hildebrand er usikker på om feilen vil få konsekvensar for opninga.

- Det kan eg ikkje seia noko om no, seier den administrerande direktøren i selskapet som driftar Bybanen.

Men direktør i Bybanen, Carl Erik Nielsen lovar at det ikkje får konsekvensar for opninga.

– Så lang vi kan sjå skal dette ikkje gjere noko for opninga. Vi skal ha vognar nok til å starta, så eg føler at vi er klare til å starte opp den 22. juni, seier han.