Hopp til innhold

Taxinæringa har null tru på ny avgift

Avinor vil ta ekstra betaling av drosjeselskapa som plukkar opp folk ved flyplassen. – Vi tar for gitt at dette ikkje blir noko av, seier taxidirektør.

Created by InfoDispatcher

SJÅ REPORTASJEN: Avinor vil innføra bompengar for drosjar som plukkar opp passasjerar på flyplassane. Drosjenæringa mislikar planane sterkt og ber statsråden gripa inn.

– Eg synest det er rart at vi skal betale for å køyre inn her for å hente kundane. Vi tener ikkje så godt. Vi slit hardt nok allereie, seier taxisjåfør Britt Margareth Ellingsen.

Eit konstant rush av drosjar som ventar på å frakte flypassasjerane siste del av vegen til Bergen lufthavn Flesland skal no vekk.

Britt Margareth Ellingsen

VANSKELEG: Taxisjåfør Britt Margareth Ellingsen synest ikkje noko om avgifta til Avinor.

Foto: Kjetil Rydland

Eit nytt system for drosjetrafikken skal på plass, betalt av ei ny avgift. Opp mot 30 kroner skal det koste å få komme inn på flyplassområdet. Det kan føre til at du som kunde må betale meir for taxituren.

Ekstrakostnad på 10 millionar

– Den kostnaden dette påfører oss i næringa, er like mykje som vi betaler næringa for bompengeringen i Bergen. Så dette vil vere ein ekstrakostnad på rundt 10 millionar på årsbasis. Vi tar for gitt at dette ikkje blir noko av, seier Jan Valeur, direktør i Bergen Taxi.

Men ifølge Avinor har dei bestemt seg.

Jan Valeur

NEGATIV: Jan Valeur, direktør i Bergen Taxi, håpar ikkje at den nye avgifta skal kome. Det kan i så fall gje Bergen Taxi ei ekstraavgift på ca. 10 millionar kroner.

Foto: Kjetil Rydland

– Med desse grepa vil det bli ei betre oppleving for passasjerane, med kortare ventetid og eit betre system for å få drosje, sa Elisabeth Strømstad, kommersiell sjef i Avinor Sola til NRK i januar.

Selskapet opplyser at avgifta gjere det mogeleg å spare miljøet, og gje eit betre tilbod både til passasjerar og sjåførar. Den kjøper ikkje ei næring som allereie opererer med små marginar.

– Dette vil til slutt belasta vidare til dei reisande. Dei reisande betaler for flybilletten, og då bør dei også i den allereie ha betalt for den infrastrukturen som skal vere rundt flyplassen, seier Valeur.

Ingen i leiinga på Flesland kunne kommentere saka i dag.

– Det er berre tull

– Det er ikkje berre vore kundar, det er og Avinor sine kundar. Vi gjer ei teneste for kundane. Eg synest det er berre tull, seier drosjesjåfør Kha Nguyen.

Liknande avgifter vert vurdert ved andre norske flyplassar, som i Stavanger og Kristiansand. Drosjenæringa prøver nå å få samferdsledepartementet om å stoppe Avinor sine planar.