Hopp til innhold

Taubåt tok fyr med batteri frå same produsent som på brann-ferja

Politiet sjekkar om gamle saker kan kaste nytt lys over ferjebrannen på MF «Ytterøyningen».

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

SJEKKAR ANDRE BRANNAR: Her kjempar brannmannskap mot flammane ombord i den norske ferja.

Foto: Bergen brannvesen

For to veker sidan braut det ut brann i ferjebatteriet på MF «Ytterøyningen» ved Sydnes i Kvinnherad. Det oppstod fleire eksplosjonar som følgje av brannen.

Det er ikkje første gongen det har tatt fyr i båtar med batteri frå produsenten Corvus.

I 2012 byrja det å brenne om bord på taubåten «Campbell Foss». Den amerikansk-eigde båten hadde batteripakke frå den same produsenten som batteriet på MF «Ytterøyningen».

Etter brannen på taubåten gjekk eigarane over til ein ny batterileverandør, ifølgje rapporten som blei skriven etter brannen.

Ikkje same type batteri

Årsaka til byttet var at produsenten Corvus Energy brukte såkalla parallelle koplingar, som gjer at ei defekt celle ikkje vert oppdaga ved ei volt-måling. Ei defekt celle kan føre til redusert kapasitet på batteriet og gi fare for eksplosjon.

Inspiserer MF Ytterøyningen

ETTERFORSKAR BRANNEN: Politiet, Sjøfartsdirektoratet og batterileverandøren var nyleg på synfaring ombord i ferja som brann.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Parallellkopling er den vanlegaste måten i alle batterisystem. Det har ikkje noko med hendinga på taubåten å gjere. Der var batteriet kopla til, og dei fekk alarmar som blei annullert og ignorert i vekevis, seier Halvard Hauso, chief commercial offiser i Corvus Norway.

Då Corvus sine nye batteritypar skulle godkjennast for bruk i norske ferjer og skip, var brannen på «Campbell Foss» eit tema, syner e-postkorrespondanse mellom Sjøfartsdirektoratet og produsenten som NRK har fått innsyn i.

Senioringeniør Kolbjørn Berge i Sjøfartsdirektoratet presiserer at batteritypen på MF «Ytterøyningen» ikkje var av same typen som eksploderte på taubåten «Campbell Foss».

– Den nye utgåva som kom i 2016 hadde eit heilt anna design og meir innebygd tryggleik, seier Berge.

Campbell Foss final report

TAUBÅTEN SOM BRANN I 2012: Den amerikansk-eigde båten hadde batteripakke frå den same produsenten som batteriet på MF «Ytterøyningen». Etter brannen gjekk eigarane over til ein ny batterileverandør, ifølgje ein rapport.

Foto: SKJERMDUMP

Batteriprodusent: – Kan ikkje hende igjen

Halvard Hauso seier Corvus har lært av hendinga på taubåten.

– Dersom noko slikt hender med våre batteri no, så vil til slutt eit system kopla batteriet ut slik at det ikkje kan ladast meir. Derfor kan ikkje det som henda på taubåten skje igjen, seier Hauso.

Selskapet jobbar med å finne årsaka til brannen, og seier dei vil lære også av denne hendinga.

– Vi ser veldig alvorleg på dette, og hjelper alle partane i å finne ut kva som har skjedd. Eg trur denne hendinga vil føre til at batteritryggleik på båt vil bli enda betre.

Direktoratet vil vurdera justeringar av krav

I 2016 kom Sjøfartsdirektoratet med nye testkrav til bruk av maritime batterisystem.

– Vi følte at det var mangelfull testing på dette området. Seinare har klasseselskapa justert sine krav etter dei krava vi stilte i 2016, seier Berge.

Sjøfartsdirektoratet vil vurdere behovet for nye justeringar ut frå det som kjem fram frå etterforskinga av ferjebrannen på Sydnes.

Brannårsaka er førebels ukjent, men etterforskinga held framleis på for fullt, ifølgje politioverbetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.

– Vi samarbeider med Norled for å sikre oss alle spor som er moglege om bord i ferja, seier Fosse.

Politiet vil òg vurdere å sjå på tidlegare saker som kan vere relevante for etterforskinga.

– Å sjå på andre saker som kan belyse denne saka, vil vere interessant for oss. Det er noko vi vil vurdere etter kvart om vi vil gjere, seier Fosse.