Hopp til innhold

Dieselsjokk for vogntogsjåfør

Ein dansk vogntogsjåfør får ei saftig rekning etter å ha blitt stoppa ved feil pumpe på Stord.

Vogntog på vei

DYRT: Vanlege vogntog har ikkje lov å fylle avgiftsfritt. Dei som prøver, risikerer ei saftig bot.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Eit vitne kontakta politiet då ein dansk vogntogsjåfør blei observert ved pumpa for avgiftsfri diesel ved ein bensinstasjon på Stord onsdag kveld.

– Då vi kom fram, stod han der framleis med fyllepistolen i tanken, seier operasjonsleiar Trond Børge Åsbu i Sør-vest politidistrikt til NRK.

Ikkje for vegtrafikk

Avgiftsfri diesel er fritatt for vegbruksavgift og er derfor billegare enn vanleg diesel. Han skal bare brukast i traktorer, motorreiskapar og liknande. Båtar er óg fritatt for avgift på diesel. Kjøretøy som er meint for vegtrafikk, har ikkje lov å bruke avgiftsfri diesel.

Sjåføren av vogntoget måtte tømme innhaldet og fekk kjøre vidare med fisk til kontinentet.

Men reaksjonen blir sterk:

– Vi kontaktar skattevesenet i dag. Minstestraff for å fylle avgiftsfritt utan lov er 100.000 kroner i bot, seier Åsbu.

Visste ikkje reglane

Sjåføren skal ha forklart at han ikkje heilt hadde forstått reglane for kven som kan fylle avgiftsfri diesel.

– Men dei har tilsvarande reglar i Danmark, seier operasjonsleiar Åsbu.