Tatt med stolne nettbrett og fotoapparat

Ein kjenning av politiet er arrestert etter eit innbrot på Danmarks plass i Bergen i natt.

Laster kart, vennligst vent...

Ein person er arrestert etter eit innbrot i Solheimsgaten på Danmarksplass, medan politiet står utan mistenkte etter eit innbrot hjå Sats i Lars Hilles gate.

Det var ein vektar som oppdaga ei knust rute hjå ei bedrift i Solheimsgaten i Bergen, og melde frå til politiet klokka 03.29.

– Vi sende opp politipatruljar som fann eit nettbrett liggande på utsida av bedrifta sine lokale. Politihundane markerte samstundes som vi fekk ein god skildring av ein mistenkeleg person som hadde gått sørover langs Fjøsangervegen, fortel operasjonsleiar Morten Kronen til NRK.

Avslørt av fotavtrykk

Like før klokka 04.00 vart personen arrestert av hundepatruljen. Han hadde då ein del gjenstandar på seg.

– Mellom anna fotoapparat. Vi sjekkar opp mot åstaden for å sjå om det er gjenstandar som manglar, seier Kronen og legg til at dei har sikra viktige bevis.

– Vi har sikra oss fotavtrykk på innbrotsstaden, og dei stemmer overeins med den mistenkte. Vi kjenner oss derfor sikre på at vi har tatt riktig person.

Knust rute hjå Sats

Klokka 04.20 vart det meldt om eit nytt innbrot i Bergen, denne gongen hjå treningssenteret Sats i Lars Hilles gate.

– Ein vektar oppdaga ei knust rute og det er spor etter folk inne. Ein politipatrulje er på staden og gjer undersøkingar. Førebels er ingen arrestert.

Situasjonen er den same klokka 09.15 måndag. Politiet etterforskar innbrotet og sjekkar om det finst kameraovervaking som kan avsløre den frekke tjuven.

– Vedkommande har forsynt seg frå kassaapparatet. Det manglar 1300 kroner i kontantar, fortel Knut Ellertsen ved tjuveriavsnittet i Hordaland politidistriktet.

Det har elles vore ei roleg natt i politidistriktet.

Siste video

Programleiar Halvor Folgerø.
Kinsarvik skule vant Hordalandsfinalen i Klassequizen 2017.
Se 10. klassene fra Ortun og Kinsarvik kjempe om å vinne fylkesfinalen i Klassequiz!