NRK Meny
Normal

Tatt av flaumen

Ein bil vart fanga av dei store vassmassane i Foldrøydalen på Bømlo. Fleire bilar stod også fast i mange timar etter eit jordras.

Oversvømmelse, Bømlo

Jordraset gjekk på riksveg 542 mellom Folderøydalen og Bremnes.

Etter å ha vore stengd i over fem timar, opna vegen att for trafikk klokka 21.15 måndag kveld. Det opplyser operasjonsleiar Thor Gunnar Westlye i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK.

Oversvømmelse, Bømlo

Ingen skada

Årsaka til raset og overvatnet er det kraftige regnvêret som har vore i Sunnhordland måndag.

Til saman vart åtte bilar stengd inn av raset. Store vassmengder sperra vegen aust i dalen, medan eit jordras sperra vegen i vest.

Måndag kveld vart dei innestengde bilane henta ut av Mesta, Norges største vegentreprenør, som har vore i området og rydda vegane som vart råka.

Også fleire husstandar skal ha vore sperra inne etter raset.

Flyttar seg sørøver

Ifølgje Vêrvarslinga på Vestlandet har dei verste regnbygene gitt seg i Sunnhordaland.

Dei store nedbørsmengdene flyttar seg i staden mot Boknafjorden og sørøver.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har tidlegare varsla om fare flom og ras i indre strøk av Rogaland og Agder-fylka, som ei følgje av dei store nedbørsmengdene måndag og dei som er venta tysdag. 

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen