Hopp til innhold

Tristan (3) og Nanook (1) er ekte eventyrarar

Tre år gamle Tristan har allereie vore på hundre fjelltoppar. No skal han ha med veslebror Nanook (1) på ekspedisjon til Grønland.

Mens dei fleste ventar på at våren skal ta skikkeleg tak her heime, er det nokon som ikkje kan få nok av kulde. 
I dag reiser ein gjeng eventyrlystne til Grønland for å gå ein månad på ski.

SJÅ VIDEO: Det neste halvåret skal Tristan (3) og Nanook (1) oppleve mykje forskjellig. Først reiser dei til Grønland for ein månad lang ekspedisjon. Videojournalist: Tim Wassmo

Kim og Jochem

AKTIVE: Jochem Cuypers og Kim Broux er glad i å ta med barna på tur. Det neste halve året har dei planlagt fleire ekspedisjonar.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Medan dei fleste av oss lengtar etter sol og varme etter ein lang vinter, går Kim Broux og Jochem Cuypers motsett veg. Det neste halvåret tek paret med seg barna Tristan og Nanook på ein opplevingsrik ekspedisjon.

Og turen går først til Grønland. Inspirert av Helge Ingstad sine forteljingar i boka "Øst for den store bre", skal dei følgje i spora til den kjente forskaren.

– Det er på tide å leggje ut på langtur igjen, vi er rastlause, seier Jochem Cuypers.

Pakkar 200 bleier

Heime i paret sin leilegheit i Bergen er dei i full gang med pakkinga. Og det er nok å tenkje på når ein skal på langtur over isen på Grønland.

– Vi har faktisk med oss fem pulkar så vi pakkar til ein skikkeleg polarekspedisjon, forklarar Jochem og syner fram noko av det som er heilt naudsynt når ein tek med små barn på tur.

– Her har vi bleiene. Vi rekna på det ei stund, og kom fram til at 200 bleier måtte vera nok, ler han.

  • Sjå video av familien som gjer seg klar til tur øvst i saka!

Ekte eventyrarar

Det er ikkje første gong at Kim og Jochem tek med ungane sine på tur. Tre år gamle Tristan og Nanook på eitt år har allereie fleire hundre overnattingar i telt bak seg.

– Vi tykkjer det er veldig gøy å leve eit eventyrleg liv og gjere draumar verkelege i naturen. Å dele naturopplevingar med familien er fantastisk, forklarar Jochem.

Tristan har vore på ei tresifra tal fjelltoppar, der Galdhøpiggen vart nummer 100. Då var han ti månadar gammal. Elles har dei padla i Everglades og klatra på vulkanar på New Zealand.

Tryggleik i høgsetet

Turen på Grønland endar i ein landsby busett av inuittar aust på øya. Deretter går turen vidare til Island, før dei mellom anna skal sykla i Benelux og gå fjellturar i Alpane. Kim og Jochem brukar foreldrepermisjonen til å leggje ut på turane.

LES OGSÅ:

Dei forklarar at tryggleik og trivsel er det aller viktigaste når dei tek dei små barna med ut på tur.

– Undervegs på alle turane ser vi korleis forma er og korleis vêret er. Nokre gonger går vi eit godt stykke, medan andre gonger tek vi det med ro og byggjer heller iglo, kastar snøballar og andre aktivitetar, forklarar Jochem.

– Lengre turar gir oss ekstra glede. Det er fordi vi har masse god tid til kvarandre, og vi treng ikkje tenke på noko anna enn oss.

Aktiv livsstil

Foreldra har lang erfaring innan fjellklatring, kalde vinterekspedisjonar og lange sykkelturar.

– For oss var det naturleg å halde fram den aktive livsstilen då vi vart foreldre for første gang i november 2010. Det er så mange gode biverknader, både for helsa vår og miljøet.

No ser dei fram til nye opplevingar med borna.

– Når vi reiser rundt er det ekstra gøy å sjå når barna sosialiserer seg med lokalbefolkninga over heile verda, avsluttar Kim og Jochem.