– Vi er bekymra
Dagleg leiar i Hardhaus AS, Inge Møgster, som eig og driv MS Hardhaus, er uroa for ringnotbåten sin tilstand inne i flytedokken i Danmark. – Båten har fått ei kraftig slagside. Sidan i dag tidleg har den sige litt djupare. Det som er kjedeleg er at det truleg har kome vatn i motorrommet, seier Møgster.