Hopp til innhold

Tapte bitter familiestrid om krigshelten sine gamle medaljar

Borna til «Shetlands-Larsen» møtte kvarandre i retten i krangel om medaljar, diplom og utmerkingar etter faren.

Shetlands-Larsens tolv medaljer

FARENS MEDALJAR: Dette er deler av farens arv, som Marit Larsen gjekk til sak for.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden

«Shetlands-Larsen» var ein av Noregs største krigsheltar til sjøs. Tidlegare i år møttest fleire familiemedlem i retten for å avgjera kven som eig medaljar, diplom og utmerkingar etter han.

Marit Larsen hadde saksøkt fleire i familien og Minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen om eigarskapet av medaljane.

I dag blei det klart at ho tapte i retten, og at ho er dømt til å betala totalt 375.000 kroner i sakskostnader.

Stein Ole Ugelvik Larsen og Minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen er dermed frifunne, det same er søskena til Marit Larsen, og eit barneborn av Shetlands-Larsen.

KRIGSHELT: Leif Andreas Larsen sine born har vore i ein bitter konflikt.

Foto: Ntb / NTB scanpix

Borna til ein av Noregs største krigsheltar

Krigshelten frå Bergen fekk fleire norske og utanlandske utmerkingar for sin innsats under andre verdskrig, og blei ein av dei høgst dekorerte allierte marineoffiserane under og etter krigen.

Det blei sett av tre dagar til rettssaka i det som er blitt ein tung familiestrid i Larsen-familien.

På eine sida stod Marit Larsen. På andre sida stod tre søsken og eit av barneborna til Shetlands-Larsen, samt Minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen og komiteens styreleiar Stein Ole Ugelvik Larsen.

Tre år før han døydde, i 1987, gav Shetlands-Larsen vekk samlinga si, beståande av blant anna medaljar og uniformar. Minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen fekk samlinga på ein føresetnad: At den skulle inngå i eit framtidig samtidsmuseum i Fyllingsdalen.

Men foreininga reiste aldri eit museum i Fyllingsdalen, og i dag er gjenstandane utstilt på Nordsjøfartmuseet i Sund kommune. Det er dette som er bakgrunnen for at Shetlands-Larsen si dotter, Marit Larsen, gjekk til privat søksmål.

Kan kosta over ein million

I dommen blir det skrive at gjenstandane blei gyldig overført i 1987, og at Nordsjøfartmuseet oppfyller alle krav gitt i erklæringa til Leif Larsen.

Det blir også vist til at då utstillinga opna her i 2000, var alle arvingane einige om at dette var ei god løysing. Marit Larsen skal også ha vore einig i at dette var ei løysning som Leif Larsen ville likt.

Sett vekk ifrå Marit Larsen, har alle arvingane vore klare på at gjenstandane var gitt som ei gåve frå Leif Larsen, og at familien ikkje lenger har eigarskap til gjenstandane.

Marit Larsens eigen advokat kravde å få dekka salær på 780.000 kroner, og dermed risikerer ho å punga ut med over 1,1 millionar kroner i advokatutgifter om dommen blir ståande, skriv BA.

Marit Larsen og Olav Lægreid

TAPTE: Her er Marit Larsen og advokat Olav Lægreid på plass i Bergen tingrett under rettssaka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Vil bli anka

Marit Larsen sin advokat, Olav Lægreid, seier til NRK at dommen vil bli anka. Han og klienten meiner at dommen legg for lite vekt på teksten i gåveerklæringa frå Shetlands-Larsen.

– I denne teksten står det blant anna at Minnesmerkekomiteen forpliktar seg til å overføra gjenstandane til eit anna museum, dersom dei ikkje greier å reisa eit museum i Fyllingsdalen sjølv. Det har ikkje komiteen gjort, men insisterer likevel på å ha eigedomsrett til gjenstandane.