Hopp til innhold

Tapar store pengar på at fleire vel privatskule

Fleire fylkeskommunar tapar på at dei vidaregåande elevane ønskjer å gå på privatskule. – Ei utarming av den offentlege skulen, meiner Ap-politikar.

Illustrasjonsbilde av elever på videregående skole

TAPAR MILLIONAR: Hordaland fylkeskommune tapar neste år 115 millionar kroner på at fleire vel privatskule.

Foto: Hordaland fylkeskommune (illustrasjon)

– Det er openbart kjempeproblematisk. Vi må gå nærare inn i tala og sjå kva effekt dette vil få på sikt, seier påtroppande leiar i opplæringsutvalet i Hordaland fylkeskommune, Emil Gadolin i Arbeidarpartiet.

Han er uroa over auken i talet på privatskuleelevar i Hordaland, og meiner den offentlege skulen blir meir og meir utarma.

– Det er ingen tvil om at det eit problem når vi år etter år får mindre pengar for å drive den same skulen.

Tapar 115 millionar

I statsbudsjettet som vart lagt fram onsdag går det fram at fylkeskommunen tapar 115 millionar neste år fordi fleire elevar vel privatskular. Inntektstapet aukar med 15 millionar samanlikna med i år.

– Høgresida sine planar om å opne opp for fleire private aktørar vil føre til ei ytterlegare utarming av den offentlege skulen, meiner Gadolin.

Emil Gadolin seier det nye fleirtalet i fylkeskommunen no vil setta ein stoppar for nye kommersielle privatskular.

– Vi vil bremse veksten i kommersielle privatskular i Hordaland, seier Gadolin.

Emil Gadolin

UTARMING: Emil Gadolin (Ap) meiner inntekttstapa er svært problematiske for den offentlege skulen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kvar femte elev på privatskule

Ved siste oppteljing gjekk nesten kvar femte allmennfagelev i Hordaland på privatskule. Delen er større enn i alle andre fylke og fører til at Hordaland er det fylket som tapar desidert mest pengar.

Avtroppande fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre meiner tapet av inntekter ikkje kan kallast ei utarming av den offentlege skulen.

– Når du ikkje har eleven, så har du heller ikkje utgifta. Det er heilt rimeleg at midlane følgjer eleven til skulen han eller ho går på, seier Nilsen.

– Rimeleg at pengane følgjer eleven

Fylkesordføraren meiner tvert i mot at dei private skulane har gjort den offentlege skulen betre.

– Det er mellom anna på grunn av konkurransen med private skular at ein i dag har PC-ar til alle elevar i vidaregåande skule. Det var ein privat skule som starta med det, og vil følgde opp når vi såg kor positive virkningane av det var, fortel Nilsen.

Han meiner det er rett og rimeleg at færre elevar i den offentlege skulen òg betyr at ein har behov for mindre pengar.

– Når eleven ikkje er på Hordaland fylkeskommune sine skular, så er det rimeleg at pengane går der dei faktisk er, seier Nilsen.

Det er ein logikk Arbeidarpartiet synest blir for enkel i denne samanhengen.

– I ei ideell verd kunne det kanskje vore slik, men om du har 25 eller 30 elevar i eit klasserom så er det like dyrt å drifte skulen. Ein må løne den same læraren, den same vaktmeisteren og ein må drifte det same bygget, seier Gadolin.

Tom-Christer Nilsen

UPROBLEMATISK: Avtroppande fylkesordførar Tom Christer Nilsen meiner det er rimeleg at pengane følgjer eleven.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK