Hopp til innhold

Tapar millionar på raset på Bergensbanen

Stenginga av Bergensbanen fører til milliontap for transportnæringa. Selskapet CargoNet anslår at dei åleine kan tapa opp mot 10 millionar berre den første veka.

Snøoverbygg ved Ørneberget stasjon

SNØOVERBYGGET SMADRA: Ved Ørneberget like ved Mjølfjell, der raset gjekk, er snøoverbygget som skal beskytta mot nettopp ras og skred fullstendig smadra.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bjarne Ivar Wist er direktør for strategi og informasjon i CargoNet.

HÅPAR PÅ SNARLEG LØYSING: CargoNet køyrer kvar veke gods for millionar på Bergensbanen. Alt i løpet av få dagar har dei truleg tapt mellom 5 og 10 millionar kroner på grunn av raset som råka traseen til Bergensbanen ved Mjølfjell søndag kveld.

Foto: Ole-Jørgen Finnes / NRK

Raset som søndag ettermiddag gjekk i nærleiken av Mjølfjell, har truleg alt kosta CargoNet fleire millionar kroner.

Informasjonsdirektør Bjarne Wist seier prislappen kjem til å stiga dei komande dagane.

– At dette raskt kostar mellom fem og ti millionar kroner, det er eg ikkje i tvil om.

Uvisst kor stor ekstra prislapp

Store steinblokker

MASSIVE STEINBLOKKER: Dei store steinblokkene som kom ned søndag ettermiddag, gjorde stor skade både på togskjenene, rasoverbygg og signalanlegg. Heldigvis var det ingen som blei skadde i raset.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

CargoNet køyrer kvar dag ti godstog fulle av varer på Bergensbanen. Når banen stengjer, finst ingen fullgode løysingar.

– Her må det fleire hundre bilar til kvar einaste dag, og det er ikkje noko ein berre tryllar fram over natta.

På toppen av det, er det langt dyrare å skaffe lastebilar på så kort varsel. Den totale prislappen kan dermed bli endå høgare.

Store skader

Jon Hermann Rivenes

JERNBANEVERKET USIKRE PÅ REPERASJONSTIDA: Det er store skader på både infrastruktur, køyreledning og signalanlegg, så alt i alt veit vi berre at det vil ta tid seier prosjektleiar i Jernbaneverket John Herman Rivenes. Her frå ei synfaring på rasstaden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Måndag blei det klart at raset har gjort stor skade på jernbaneskjenene. Prosjektleiar John Herman Rivenes i Jernbaneverket seier det trengst omfattande reparasjonar.

Les òg: Kan bli stengt i fleire veker

– Vi har skader på køyreleidningen, vi har skader på signalanlegget, og vi har skader på sjølve infrastrukturen. Så dette kan det ta tid å fiksa.

Dermed veit han ikkje kor lenge Bergensbanen vil forbli stengt. I verste fall kan det bli i fleire veker.

Fleire tusen passasjerar forseinka

Haustferiens første dag blei dramatisk for NSB, som sjølv anslår at berre måndag og tysdag blei minst 2500 passasjerar kraftig forseinka på grunn av raset.

Folk som skal med toget mellom aust og vest dei komande vekene, må førebu seg på buss for tog store delar av vegen.

Trass i at raset gjekk søndag ettermiddag, blir det truleg ikkje mogleg å starta oppryddingsarbeidet før tysdag føremiddag, seier Inge Hjertås i Jernbaneverket.

– Geologane som var på plass måndag, har undersøkt staden og trur vi kan vere i gong tysdag, sa Hjertås måndag ettermiddag.

Det er mindre enn fem månader sidan ras førre gong sperra Bergensbanen og sette NSB meir eller mindre ut av spel. Den gongen blei stenginga kortvarig.

Wist i CargoNet kryssar fingrane for ei snarleg løysing også denne gongen.

– Vi håpar berre at alle klutar blir sett til, slik at vi får ein jernbane som er til å stola på. Etter mi meining er dette den beste transportløysinga mellom Austlandet og Vestlandet, og det håpar vi jo jernbanen skal halda fram med å vera.