Då kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i mai la fram regjeringas kommuneproposisjon blei det klart at fleire fylkeskommunar må greie seg med langt mindre pengar framover.
Når pengane skal fordelast frå staten og utover landet, vert det no rekna på kor store utgifter fylka har. Fylke med store utgifter får meir pengar, og fylke med låge utgifter får mindre.
Men måten Kommunaldepartementet reknar på, gjer at fleire fylkeskommunar føler seg snytt. Departementet brukar nemleg gamle tal for å rekne ut statsstøtta, seier økonomidirektør i Hordaland fylkeskommune, Johnny Stiansen.
– Me er sjølvsagt ikkje fornøgde med at dei brukar så gamle tal. Det kjem me openbart dårleg ut av.
– Får mindre pengar fordi dei brukar feil tal
Ifølgje økonomidirektøren brukar Kommunaldepartementet tal frå 2010/2012 når dei reknar på utgiftene til hurtigbåtane langs kysten. Det blir heilt feil, meiner Stiansen.
– Det er særleg etter dei åra at Hordaland har hatt ei sterk vekst i utgiftene, fordi ein har tatt inn meir moderne materiell og tatt inn nye kontraktar.
– Utgiftene har stege med 40 millionar frå eit år til neste etter det året departementet legg til grunn for utrekningane av statsstøtta, seier han.
LES OGSÅ:
Får ikkje sjå på tala regjeringa brukar
Sogn og fjordane og Nordland får enda hardare kutt enn Hordaland, med omlegginga av overføringane frå staten. Fylkesråd i Nordland, Beate Bø Nilsen er svært misfornøgd.
– Me føler at departementet har gjort ei skeivfordeling.
Difor har fylkesråden i Nordland i to brev bedd om innsyn i utrekningsgrunnlaget til regjeringa.
– Me ville kontrollrekne og sjå å om tala er rette. Men, me har ikkje fått ut dei tala.
Også Hordaland fylkeskommune har tatt kontakt med departementet.
– Me har sendt inn våre innspel og bedd dei rekne på ein anna måte, slik at resultatet blir meir rettferdig, seier Johnny Stiansen.
Millionkutt i budsjetta til fylkeskommunane
Før sommaren vart det kjent at Kommunaldepartementet kuttar mange millionar kroner i støtta til fleire fylkeskommunar.
Tre av fylka som må klare seg med langt mindre pengar enn før er Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland.
- Hordaland får 100 millionar kroner mindre i løpet av fem år
- Sogn og fjordane får 235 millionar kroner mindre.
- Nordland får 370 kroner mindre frå staten dei neste åra.
Då kutta blei kjent sa Johnny Stiansen, økonomisjef i Hordaland fylkeskommune til NRK at han støtta prinsippet bak den nye måten å fordele pengar på.
– Med den nye måten å gjere det på skal vere riktigare ut frå dei utgiftene dei enkelte fylka har. Den nye ordninga skal jamne ut skilnadane mellom fylka.
Men då han såg nærmare på måten regjeringa rekna på, såg han at dei brukar feil tal for å rekne ut kutta. Han trur kutta hadde blitt mindre om regjeringa hadde brukt nyare tal.
– Me trur det ville slått betre ut for oss dersom dei hadde brukt nyare tal. Då hadde me fått eit høgare utgiftsgrunnlag, og fått ein større del av potten, seier Stiansen.
Kommunaldepartementet har så langt ikkje ønskja å kommentere saka til NRK.
LES OGSÅ: