Hopp til innhold

Tapar millionar på at elevar vel privatskule

Kvar femte allmennfagelev i den vidaregåande skulen i Hordaland går no på privatskule. Det tapar fylkeskommunen 100 millionar kroner årleg på.

Anniken Strønen Riise og Stian Sætersdal

VALDE PRIVAT: Anniken Strønen Riise og Stian Sætersdal valde privat då dei skulle velja vidaregåande skule.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg har sjølvsagt vurdert offentleg skule. Eg bur ved sida av Nordahl Grieg vidaregåande og Sandsli vidaregåande, og mine foreldre argumenterte for at det ikkje var så lurt om eg drog langt, seier Anniken Strønen Riise til NRK.

Likevel valde ho private Akademiet i Bergen sentrum framfor dei offentlege skulane i Fana og Ytrebygda.

– Attraktivt

Strønen Riise seier ho har lest mykje bra om lærarane på Akademiet, og at skulen har eit læringsopplegg som passar bra for ho.

– Eg kjenner nokon som har gått her og er veldig nøgd. Også det at den ligg i byen gjer at den er attraktiv, seier Strønen Riise.

Også Stian Sætersdal, som skal begynne på toppidrett ved Akademiet, likar at skulen ligg sentralt til i sentrum av Bergen.

– Eg valde Akademiet for å spleise skule og trening, seier Sætersdal, som skal trene fotball.

Kvar femte går offentleg skule

Og fleire gjer som Anniken og Stian, og vel privat skule framfor offentleg når dei startar på vidaregåande.

Ved siste oppteljing gjekk nesten kvar femte studiespesialiseringselev i Hordaland på privatskule. Delen elevar som vel privatskule er høgare enn i alle andre fylke, og aukar for kvart år som går, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Dette er ei utarming av den vidaregåande skulen i Hordaland som me ikkje likar, kommenterer Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun.

Anne Gine Hestetun

Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat i Hordaland, Anne Gine Hestetun, likar ikkje utviklinga med fleire elevar som vel privatskule.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tapar 100 millionar kroner

Det høge talet på privatskuleelevar gjer at Hordaland fylkeskommune i inneverande år tapar 100 millionar i inntekter.

Hestetun seier ho vil jobba for at det ikkje vert fleire kommersielle privatskuleplassar i Hordaland.

– Det blir avgrensa med utvikling når me går glipp av 100 millionar kroner årleg. Det tykkjer me i Arbeidarpartiet er ei feil retning å gå, seier Hestetun.

– Ikkje snakk om ei utarming

Men ho møter motstand hjå noverande fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre.

Han meiner det berre er positivt av den offentlege skulen vert utfordra av private aktørar.

– Eg ønskjer dei private velkomen. Det er ein fin konkurranse til det offentlege.

– Utarming er det verkeleg ikkje snakk om, verken økonomisk eller pedagogisk. Det er rett at vi blir trekt for dei overføringane vi ville hatt om elevane valde offentleg skule, men samstundes så sparar vi faktisk pengar på at dei går ein anna stad, seier Nilsen.