Hopp til innhold

Tannlegar sender fleire bekymringsmeldingar til barnevernet

BERGEN (NRK): Tilsette i tannhelsetenesta oppdagar teikn på omsorgssvikt og overgrep hos stadig fleire barn og unge. – Dei har fått meir kunnskap om kva dei skal sjå etter, seier forskar.

Karin Goplerud Berge

Tannlege Karin Gloperud Berge har fleire gonger sendt bekymringsmeldingar til barnevernet. – Avgjera er like vanskeleg kvar gong, seier ho.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I 2017 var talet på bekymringsmeldingar frå tannhelsetenesta til barnevernet 768, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Tal frå fylkestannlegane som NRK har samla inn, viser at talet på slike uromeldingar auka til 869 i fjor.

Dei aller fleste gjeld mistanke om omsorgssvikt, seier forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest.

Tannlegar og tannpleiarar kan oppdage teikn på omsorgssvikt eller overgrep når dei undersøker tennene og andletet til barna. Men sjølv røynde tannlegar synest det er vanskeleg å vite når ein skal melde frå.

Vanskeleg kvar gong

Karin Berge har jobba som tannlege sidan 2009. Ho er ein av dei som har sendt fleire bekymringsmeldingar til barnevernet, alle om omsorgssvikt.

Tannlege Karin Goplerud Berge

TANNLEGE: Karin Berge jobbar som tannlege ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest.

Foto: Privat

– Det var vore veldig vanskeleg, sjølv om eg har hatt ei magekjensle som seier at noko er gale.

Både tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar kan sende bekymringsmeldingar til barnevernet om dei mistenker omsorgssvikt, vald eller overgrep, eller om eit barn gong på gong ikkje møter opp til ein time.

– Ofte er det fleire ting som gjer at ein kjenner at her er det noko som skurrar. Det kan vere mykje karies, utan ein openberr grunn, eller at dei ikkje møter til timane sjølv om vi purrar på foreldra, fortel Berge.

Bekymringsmeldingar til barnevernet frå tannhelsetenesta i 2018

Totalt

869

Fylke

Bekymringsmeldingar

Hedmark

36

Oppland

23

Akershus

102

Oslo

130

Østfold

67

Vestfold

48

Telemark

27

Buskerud

45

Vest Agder

44

Aust Agder

22

Rogaland

58

Hordaland

82

Sogn og Fjordane

6

Møre og Romsdal

15

Trøndelag

39

Nordland

46

Troms

45

Finnmark

34

Ekspander/minimer faktaboks

Har fått meir kunnskap

Talet på bekymringsmeldingar har auka over fleire år. Frå 2011 til 2018 auka til dømes talet på meldingar frå tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland frå 22 til 82.

Forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø meiner det i hovudsak skuldast at dei tilsette i tannhelsetenesta har fått meir kunnskap om omsorgssvikt og overgrep, og veit kva dei skal sjå etter.

– Samstundes ser vi av tala at vi har ein veg å gå. Vi veit at ein del unnlèt å melde frå, sjølv om dei har ein mistanke om omsorgssvikt.

30 prosent av dei tilsette i tannhelsetenesta har vurdert å melde frå, men har latt vere. (ekstern lenke).

Forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest

FORSKAR: – Det er bra at vi ser ei auke i bekymringsmeldingar, men det er framleis for få som melder frå, seier Ingfrid Vaksdal Brattabø, som meldeplikta tannhelsepersonell har.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Forsterka meldeplikt

Tilsette i tannhelsetenesta har meldeplikt til barnevernet om dei trur at eit barn blir utsett for omsorgssvikt eller overgrep.

I 2018 kom det i tillegg ein ny paragraf (ekstern lenke) i tannhelsetenestelova som understrekar ansvaret tannhelsetenesta har for å både førebyggje, avdekke og avverje vald og overgrep.

Fylkestannlege i Hedmark og Oppland Claes Thorbjørn Næsheim har jobba i fleire år med å gje dei tilsette i tannhelsetenesta kunnskap om temaet, og meiner lovendringa var viktig.

– Det forsterkar ansvaret tilsette i tannhelsetenesta har, seier Næsheim.

Et barn får tannlegebehandling.

KARIES: Mange hol i tennene og dårleg hygiene er ein av teikna på omsorgssvikt som tannlegar er obs på.

Foto: Illustrasjonsfoto: colourbox.com

Framleis for få som vågar

Men framleis er det for få som melder frå når dei er uroa for eit barn, meiner forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø.

– Vi treffer alle barn i heile Noreg mellom 3 og 18 år. Vi kan sjølvsagt ikkje oppdage alt, men mellom 800 og 900 meldingar er likevel ikkje mykje.

Ho meiner det difor er viktig å halde fram med å gje både tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar meir kunnskap, slik at dei blir trygge nok til å melde frå til barnevernet.

– Jobbar du med barn og unge øver du regelmessig på hjarte og lungeredning, men det er ikkje noko systematisk øving i korleis vi kan avdekke omsorgssvikt eller overgrep. Det er eit stort paradoks.

– Samstundes er det veldig viktig at barnevernet får tilstrekkeleg med ressursar slik at dei kan fylgja opp bekymringsmeldingane på ein god måte, understrekar Brattabø.