Hopp til innhold

Tannlegar i Bergen kallar inn så mange barn som mogleg før nyttår

Kjeveortopedar har flytta barn i kø for regulering fram slik at dei likevel får behandling før støtta forsvinn frå nyttår.

Tannregulering

STOR PÅGANG: Fleire kjeveortopedar i Bergen ryddar kalenderen og gir barn behandling i desember i staden for januar.

Mange tannlegar og kjeveortopedar over heile landet har reagert på at om lag 10.000 barn ikkje lenger vil få støtte til det som regjeringa har kalla kosmetisk tannregulering.

Frå nyttår vil pasientar som i dag er i gruppe C av behandlingstrengande, missa støtta på 40 prosent.

I Bergen har no fleire ortopedar flytta fram barn som allereie står i køen for å få regulering slik at dei får behandling før kutta i støtta trer i kraft, skriv Bergensavisen.

– Vi har starta opp behandling av pasientar som kan stå i fare for å miste refusjon frå staten, fortel kjeveortoped Paul Sæle til avisa.

Mister 40 prosent stønad

15 barn som eigentleg hadde time hjå Sæle i januar får no innkalling før jul i staden for.

Alle er barn som allereie har fått ei tilvising frå den offentlege tannpleia. Ingen nye blir tatt inn.

Regjeringa kuttar totalt 89,5 millionar kroner til tannbehandling, og avviklar stønaden til tannregulering som i hovudsak er av kosmetisk eller estetisk karakter.

Det vil gi ei antatt innsparing på 50,5 millionar kroner neste år.

Pasientar med behov for tannregulering blir delt inn i grupper, der gruppe A har «svært stort behov», gruppe B har «stort behov».

Gruppe C blir omtalt som «klart behov» for tannregulering, og er personar som mellom anna har eit horisontalt overbit mellom seks og ni millimeter, syner ei oversikt frå Helfo (ekstern lenke).

Skeive tenner

MISTER STØNAD: Pasientar med til dømes slike tenner, som er del av den såkalla «gruppe C» mister den statlege stønaden på 40 prosent neste år.

Foto: PRIVAT

Negativ til framlegget

NRK har snakka med kjeveortopedar både i Oslo og Bergen som stadfestar at dei har forsøkt å skyve fram så mange barn som mogleg slik at dei får time i desember.

Dorina Sula Thelen har doktorgrad i odontologi og jobbar som kjeveortoped ved Vestkanten tannregulering ein gong i veka.

– Avgjersla frå regjeringa om å fjerne stønaden baserer seg ikkje på det faglege. Tannstillinga til gruppe C-pasientar er på ingen måte berre estetisk, seier ho til NRK.

Thelen meiner fjerninga av stønaden vil gå utover befolkninga.

– Med den nye ordninga går vi berre bakover i tid, og ikkje framover. Dette reduserer livskvaliteten til mange pasientar.

Paul Sæle har engasjert seg sterkt mot budsjettkuttet og avviser at det handlar om kosmetikk, slik regjeringa har kalla det.

– Det er ei heilt misforstått oppfatning. Dei kan ha ein kosmetisk faktor, men hovudårsak er oftast av funksjon- eller hygieneårsaker. Det er provoserande og samstundes trist at helseminister Høie meiner vi er kosmetologar og ikkje ein del av Helse-Noreg, seier han til BA