- Dersom tannlegeassistentane er skada, så har det sete ein tannlege i same rom, påpeikar Kari Odland, som er hovudstyremedlem i Tannlegeforeininga.
Tannlegane óg eksponerte
Ho er redd for at mange kvinnelege tannlegar også er skada av kvikksølvdamp som strøymde ut på tannlegekontora fram til 1990.
- Dampen fyller jo rommet og blir der lenge. Det er ikkje stor skilnad på eksponeringa til tannlegeassistentane og tannlegane, meiner ho.
Illustrasjonsfoto: NRK
Vil bli undersøkte
På vegne av sine kollegaer ber ho no om at óg tannlegane blir undersøkt på lik linje med dei tannlegeassistentane som skal ha blitt skada av kvikksølvet.
- Det eg kunne tenkt er at me spør om dei som har gjort undersøkingane til no óg vil sjå kva innverknad kvikksølvet har hatt på tannlegane, fortel Odland.
Problem i det offentlege
Det er blitt hevda at så mange som 10 000 tannlegeassistentar kan ha varma opp koparamalgam og på den måten pusta inn farleg kvikksølvdamp.
Men ifølgje Odland blei denne typen fyllingar helst brukte av dei offentlege tannlegekontora for å stoppa tannråte hjå born med svært mange hol. Mange private tannlegekontor brukte ikkje koparamalgam i heile teke.
- Eg trur problemet er lite, men i den grad ein er blitt skada, er det så alvorleg at me er veldig interesserte i å få det utreiia likevel, seier ho.