Tannhelsetenesta får kurs

Alle tilsette i tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane skal no bli kursa om meldeplikta til barnevernet. I fylket blei det berre meld inn seks bekymringsmeldingar om omsorgssvikt og overgrep i fjor. Talet er lågast i landet. Direktøren for tannhelsetenesta har no teke initiativ til halvdagskurs for alle tilsette om temaet.