Vart varsla om trusselen i natt

Ein halv million menneske er venta til Tall Ships Races i Bergen i helga. – Vi oppmodar folk om å vere meir årvakne og følgje meir med enn elles, seier prosjektleiar i Tall Ship Races, Håkon Vatle.

Tall Ship Races folkemengde

MYKJE FOLK (ARKIVBILETE): Det er venta 500.000 personar til Tall Ships Races denne helga. Biletet er frå eit tidlegare Tall Ships Races i Bergen.

Foto: Eivind Senneset / Tall Ships Races

Håkon Vatle, prosjektleiar i Tall Ships Races, fekk vite om terrortrusselen av politiet i natt.

– Eg er informert og har ein god dialog med politiet. Tall Ship Races vil gå som planlagt, men det vil vere ekstra mykje politi i gatene, seier Vatle.

– Stoler på politiet

Vatle vil oppmode folk om å vere meir årvakne og følgje meir med enn elles. Det vert ingen endringar i programmet.

– Er du uroa?

– Dette er ikkje heldig for oss, men vi stoler på politiet har god oversikt over det som skjer her i Bergen, seier Vatle.

– 500 000 besøkande er venta gjer det at dykk har status som eit mogeleg terrormål?

– Det vil eg ikkje uttale meg om, seier Vatle.

SJÅ INTERVJUET:

Håkon Vatle om beredskapen under Tall Ships Races.

Politi, Kystverket og Sjøforsvaret har vore med i tryggleikskomiteen til arrangementet dei siste åra.

– Vi har ein god og solid beredskapsplan for det meste, og for denne typen trussel som har kome no. Vi har jamlege møter med politiet om dette, forklarar Vatle.

Planar om terror

– Vi er no i ein situasjon der det er ein konkret trugsel mot Noreg. Det blir gjort tiltak for å møta det trugsmålet, informerte Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) på ein pressekonferanse saman med politiet og Politiet si tryggingsteneste (PST) torsdag føremiddag.

Etter det PST kjenner til er aksjonen planlagt gjennomført om kort tid.

Ekstra beredskap

AUKA BEREDSKAP: Det er auka beredskap i sentrum etter trugslar om terror.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Det dreier seg truleg om dagar, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland.

  • Uvisst kven som står bak eller kva/kven åtaket er retta mot
  • Ber borgarar vera på vakt
  • Åtvarar mot å fordømma einskilde grupper i samfunnet
  • Væpna politi vaktar grenseovergangar, flyplassar, togstasjonar
  • Regjeringa har sett stab
  • Må ikkje bli eit offer for frykta

Har sett i verk tiltak

Hordaland politidistrikt har sett i verk dei operative tiltak som er pålagt frå POD i samsvar til planverket.

– Det betyr auka nærvær på trafikale knutepunkt som flyplass, tog- og busstasjon med meir. Politiet har også auka sitt nærvær på Tall Ships Races, seier politimeister i Hordaland Geir Gudmundsen.


Hordaland politidistrikt har allereie kalla tilbake mannskap frå ferie.

– På bakgrunn av den informasjonen politiet i Hordaland no er det ikkje grunnlag for å gå ut med anbefalingar om spesielle forholdsreglar for folk flest, seier Gudmundsen.

Må ikkje bli offer for frykta

Ordførar i Bergen, Trude Drevland, er ikkje uroa over tryggleiken.

– Eg har ikkje fått auka tryggleik og oppfører meg som vanleg. Dei som vil gjennomføre ein terroraksjon ønskjer å spreie frykt, og vi må ikkje bli offer for den frykta, seier ordføraren.

(Artikkelen held fram under videoen)

PST-sjef Benedicte Bjørnland informerte om den mulige trusselen som de har mottatt informasjon om.

Andre aktuelle trugsmål

Ved Statoil Mongstad vil dei ikkje seie noko som helst om dette konkrete trugsmålet.

– Det er slik at vi i fleire år har hatt god dialog med norske styresmakter om dette. Og vi følgjer dei råd som styresmaktene gir. Kva vi eventuelt gjer av tiltak, kommenterer vi ikkje, seier informasjonssjef i Statoil, Knut Rostad.

Flesland sin Lufthamnsdirektør, Aslak Sverdrup, er kjend med åtvaringa om planlagt terrorhandling.

– Vi har tett dialog med politiet, men vi gjer ingen synlege tiltak no. Det får ingen påverknad for avgang eller framkomst på Flesland enno. Meir vil eg ikkje kommentere, seier Sverdrup til NRK.

I følgje NSB er politiet på plass kvar gang toga kjem til togstasjonen i Bergen. Det neste toget kjem frå Oslo like etter klokka 14:00.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.