Hopp til innhold

Talet på syklistar stupar i VM-byen

BERGEN (NRK): Medan bergensarane skal arrangera sykkel-VM om to år er det færre og færre i byen som sjølv syklar. – Sjølvsagt skuffande, seier fylkesordførar.

Syklistar

IKKJE FORNØGD: Jørgen Børve og Eivind Wengaard meiner sykkelvegane i Bergen ikkje held mål.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Bergen er allereie dårlegast av dei norske storbyane på sykkel. No viser ein gjennomgang NRK har gjort av dei ni målepunkta for sykkelpasseringar i byen – at det er ein nedgang på fjorten prosent samanlikna med i fjor.

– Eg fekk sykkel til bursdagen so no har eg funne ut at det faktisk er raskare å sykla enn å ta kollektivtransport, seier Pål Louis Rasmussen, som har sykla langt oftare enn tidlegare det siste halvåret.

Han synest det er synd at ikkje fleire gjer det same.

– Eg er overraska over at det er færre som syklar. Sykkel er veldig i tida, og Bergen prøver å bli ein sykkelby. Men eg trur nok mykje heng saman med vêret, seier Rasmussen.

VM-byen der færre syklar

To år før Bergen skal arrangera sykkel-VM viser alle dei ni målepunkta til Statens vegvesen ein markant nedgang i talet på sykkelpasseringar.

Sykkelpasseringar i Bergen

Ved enkelte målepunkt er kvar femte syklist forsvunne.

– Det er sjølvsagt skuffande, og no må me setta inn alt på å endra den trenden. Me kan ikkje gjera noko med vêret, men me kan likevel inspirera folk til å bruka dei syklane dei har. For det ein fantastisk måte å komma seg fram på. Det er godt for både helse og miljø, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Saman med kommunen og staten har fylkeskommunen ansvar for å bygga ut sykkelvegar. Sjølv om fylkesordføraren legg noko av skulda på eit uvanleg vått halvår i Bergen vedgår han at politikarane må ta sin del av ansvaret.

– Vi har absolutt eit ansvar for dette. Eg syklar sjølv og ser at godt at det trengst prioriterte sykkeltrasear, seier Nilsen.

Syklist

GÅR FOR SYKKEL: Pål Louis Rasmussen har funne ut at han sparar tid på å sykla til jobb. Han meiner fleire burde gjera det same.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Flaut

– Eg tenker at Bergen eigentleg bør visa seg frå ei betre side ved å bygga ut litt ekstra. Det er litt småflaut at me her i landets nest største by faktisk ligg på jumboplass, seier Jørgen Børve.

Børve og Eivind Wengaard tok treningsturen på sykkelsete i går. Dei meiner eit uvanleg bergensk bergensvêr må ta noko av skulda for at færre er ute å syklar. Men at dårlege sykkelvegar også spelar inn.

Tom-Christer Nilsen

Fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg trur det har mykje å seie for at det er nedgang i syklistar. Det ligg ikkje godt nok til rette for at folk skal gidda å halda fram med å sykla, seier Wengaard.