NRK Meny
Normal

Talet på nynorskelevar meir enn halvert i Bergen

HAUGLAND (NRK): Når den nest siste nynorskskulen i kommunen vert lagd ned, kan det blir endå færre. – Trist, meiner elevane.

Lærar Isabel Jensen Grindheim les nynorsk for elevane Andreas Tjelle og Lena Nordvik

FRYKTAR NYNORSKFLUKT: – Eg trur dessverre at mange av elevane vil slutte å bruke nynorsk, seier lærar Isabel Jensen Grindheim, som her les for Andreas Tjelle og Lena Nordvik.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er veldig leit. Eg ynskjer at fleire elevar i Bergen skal ha nynorsk som hovudmål, seier byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Tal som kommunen har rapportert til Utdanningsdirektoratet viser nemleg at det er 55 prosent færre nynorskelevar i Bergen enn for ti år sidan.

Nedgangen i resten av landet, er berre på ni prosent.

Legg ned den nest siste nynorskskulen

I 2017 hadde 550 elevar nynorsk som hovudmål i Bergen.

Det talet kan gå ytterlegare ned når Haugland skole, som er den nest siste nynorskskulen i kommunen, vert lagd ned til sommaren.

– Eg trur dessverre at mange kjem til å gå over til bokmål når dei byter skule, seier Isabel Jensen Grindheim, lærar ved Haugland skole.

Skulen har 71 elevar, og i går hadde dei juleavslutning for aller siste gong.

– Vi prøvar å ikkje snakke så mykje om at skulen vert nedlagd. Det blir veldig trist, seier Grindheim.

Haugland skole

REIN NYNORSKSKULE: Haugland skole har 71 elevar, og alle har nynorsk som hovudmål. Til sommaren vert skulen lagd ned.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil snu tala

Når skuledrifta på Haugland i Arna vert avslutta, står Salhus skule att som einaste reine nynorskskule i kommunen.

Skulebyråden fortel at Arbeidarpartiet, KrF og Venstre har sett seg eit mål om å føre ein meir offensiv nynorskpolitikk i framtida.

– Kulturhistorisk er det viktig for Bergen og vestlandet, og i ein språkpolitisk samanheng er det viktig å ta vare på det nynorske språket, seier Thorsen.

Skulebyråd Pål Hafstad Thorsen

VIL HA MEIR NYNORSK: Skulebyråd Pål Hafstad Thorsen (Ap) seier han skulle ynskje fleire hadde nynorsk som hovudmål i grunnskulen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Han ynskjer ikkje at elevane skal byte målform sjølv om dei må byte skule, og vil ta tak i utviklinga.

– Vi må leggje til rette for at elevane tek med seg språket sitt, seier han.

Trur mange vil byte til bokmål

Frida Andrea Larsen og Frøya Sørensen går i sjuandeklasse på Haugland skule.

Dei synest det er leit dersom elevane endrar målform når dei byter skule.

– Det er trist. Det er ein fin skrivemåte, og det er dumt at ikkje alle vil ta vare på den, seier Larsen.

Frida Andrea Larsen og Frøya Sørensen

– TRIST: Sjuandeklassingane Frida Andrea Larsen og Frøya Sørensen trur mange vil gå over til bokmål når Haugland skule vert lagd ned.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er Sørensen einig i.

– Språket har hatt mykje å sei. Det har gjort dette til ein spesiell skule, meiner ho.

Ho er nokså sikker på at mange av elevane vil gå over til bokmål frå hausten av.

– Eg trur dei fleste kjem til å bytte. I alle fall dei som snakkar bokmål og som ikkje høyrer så mykje nynorsk lenger.

Meiner skulebruksplanen er for dårleg

Oddny Miljeteig på rosa sløyfe-aksjon i oktober 2016

KRITISK: Oddny Miljeteig er kritisk til språkpolitikken som har vore ført dei siste åra. – Eg synest ein skulebruksplan faktisk må ta omsyn til at Bergen har store nynorskmiljø

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Det likar målkvinne og for tida sjukemeld politikar, Oddny Miljeteig, dårleg.

– Bergen er nynorskhovudstad trass i målpolitikken som har vore ført av skiftande byråd, seier ho.

Ho meiner skulebruksplanen ikkje er ideell for nynorskelevane.

– Eg synest ein skulebruksplan faktisk må ta omsyn til at Bergen har store nynorskmiljø. Når planen ikkje gjer det, er han ikkje for elevane og nynorsken, seier ho.

Siste video

Liv Holmefjord og Torbjørn Lorentzen følger 1000-meteren på skøyter i OL fra Fana IL sitt klubbhus på Nesttun i Bergen.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås