NRK Meny
Normal

Thor Inge (44) er blant dei Nav no uroar seg for

BERGEN (NRK): Medan arbeidsløysa generelt går ned, peikar pilene feil veg for ei gruppe: Dei som er utan arbeid i over eitt år.

Tor Inge Bjørnestad

SØKJER ETTER ARBEID: – Eg er veldig lei av å gå heime no, så eg søkjer på mykje forskjellig, seier Thor Inge Bjørnestad. Han har søkt om lag 50 nye jobbar sidan februar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg gir ikkje opp, men det er mange om beinet, seier maskinarbeidar Thor Inge Bjørnestad (44).

Han mista jobben hos ei leverandørbedrift som la ned avdelinga si i Bergen då det gjekk dårleg i oljesektoren. No har han søkt om lag 50 nye jobbar sidan februar, utan positive svar.

– Eg er veldig lei av å gå heime no. Eg søkjer på mykje forskjellig, men eg har berre vore på to intervju så langt, seier Bjørnstad.

Talet på langtidsledige aukar

Den store krisa i arbeidsmarknaden, særleg på Vestlandet, er eigentleg over, men ikkje for dei som har vore lengst ledige. Talet på langtidsledige over eitt år aukar.

Ved utgangen av september var det 2554 i Hordaland som hadde søkt arbeid i meir enn 52 veker. Det er 292 fleire enn i september 2016.

– Langtidsledige over 52 veker blir fleire, medan alle andre arbeidsledige no blir færre, seier Anne Kverneland Bogsnes, Nav-direktør i Hordaland.

På landsplan er trenden betre: Der er det blitt færre som har vore arbeidssøkarar i 52-77 veker. Men stadig fleire har vore langtidsledige over 78 veker: 13 000 personar hadde ved utgangen av september vore arbeidssøkarar i meir enn halvanna år. Det er 900 fleire enn for eitt år sidan.

Bogsnes seier det er ei stor bekymring at det er så mange langtidsledige.

– Alle gruppene går ned bortsett frå dei langtidsledige, og det er urovekkande. For det blir vanskelegare å kome seg ut att i arbeid dess lengre tid det går, seier Bogsnes.

Anne Kverneland Bogsnes

UROA: – Alle gruppene går ned bortsett frå dei langtidsledige, seier Anne Kverneland Bogsnes, Nav-direktør i Hordaland.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Unge arbeidssøkarar

I tillegg viser tal frå Nav at dei fleste langtidsledige er mellom 30–39 år.

– Kva er grunnen til at talet på langtidsledige aukar?

– Det er vanskeleg å seie, men det har vore ein stram arbeidsmarknad. Så det har vore vanskeleg å få dei ut i arbeid, men no ser vi ei betring i arbeidsmarknaden og då håpar vi det vil få fleire ut i arbeidslivet, seier Bogsnes.

For Tor Inge er det berre å fortsetje med søknadsprosessen, og då NRK er på besøk får han endå eit nytt avslag på ein søknad.

– Eg ser at det kan bli vanskelegare å kome seg i arbeid om ein går for lenge heime, seier han.

No håpar han å finne seg arbeid snarleg for å unngå å verte langtidsledig.

– Eg kjem til å bli smågal viss eg ikkje får jobb innan 52 veker, seier 44-åringen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.