Taket rasa ned bak ho: – Eg vart heilt skjelven

Dobesøket vart dramatisk for lærar Martine Bø Solbakken. Sekund etter at ho forlét toalettet rasa taket ned.

Dobesøket vart dramatisk for lærar Martine Bø Solbakken. Sekund etter at ho forlét toalettet rasa taket ned.

SJÅ VIDEO: Martine Bø Solbakken fortel om den dramatiske opplevinga på Minde skule.

– Eg står og vaskar hendene etter eit kjapt dobesøk. Så høyre eg at det smelle noko veldig inne på toalettet, fortel Martine Bø Solbakken.

Det har berre gått nokre sekund sidan ho forlét personaltoalettet på Minde skule i Bergen.

– Wow, kva skjedde no, tenkte eg. Så eg opnar døra der eg nettopp hadde vore og kikar inn. Då ser eg at heile taket ligg på golvet, forklarar Bø Solbakken.

Kunne ført til alvorleg personskade

Hendinga skjedde 26. september i år. Taket inne på dametoalettet på skulen kollapsa. Til alt hell kom lærar Bø Solbakken uskadd frå hendinga.

– Det var fleire meter det rasa frå. Det deisa ned og alt vart knust rett og slett. Fleire av bitane var ganske spisse. Hadde det treft meg, så veit ikkje kva som hadde skjedd.

Hovudverneombodet for barnehage og skole i Bergen har tatt saka opp med kommunen. På førehand var det ingen teikn på som tyda på at taket skulle ramla ned.

– Det hadde vorte fatalt om ho hadde blitt sitjande der litt til, seier hovudverneombod Cecilie Abrahamsen til NRK.

Tak raste ned på Minde skole

KOLLAPSA: Slik såg det ut på dametoalettet på Minde skule etter at taket kollapsa.

Foto: Hovedverneombud i Bergen kommune

Vil at skulen stengjer

Minde skule er under rehabilitering, men skulen vert halde open. Det er oppussinga som truleg er skuld i takkollapsen.

– Det er ganske ekkelt å måtte oppleve noko sånt på arbeidsplassen sin. Eg var ganske skjelven etterpå. Eg hadde jo vore der berre sekund tidlegare, seier Bø Solbakken.

2. oktober var representantar frå kommunen på synfaring på skulen. Hovudverneombodet peikar på ei rekke problem ved skulen sitt innemiljø og krev at skulen vert stengt frå 14. oktober av.

– Slik det er i dag så går dei på ein byggjeplass med ekstremt mykje støv og så har vi i tillegg denne situasjonen med at taket ramlar ned over folk. Det indikerer at det ikkje er trygt å vera der, meiner Abrahamsen.

Gjer tiltak i ferien

– Eg syns sjølvsagt det er forferdeleg og eg er veldig glad for at det ikkje fekk større konsekvensar, seier kommunaldirektør Anne-Marit Presterud til NRK.

Ho fortel at ein stor delegasjon frå kommunen har vore oppe å sett på forholda ved skulen, som er under oppussing.

– Dei har gått gjennom heile skulen, som vi byggjer om. Dei har planlagd tiltak som vil bli gjort neste veke, når det er haustferie. Ein skal skilje i større grad der det er oppussing og der dei tilsette og elevane skal vera.

Ho fortel at kommunen er i dialog med Arbeidstilsynet.

– Dei blir med oss på ein synfaring før haustferien er over, slik at får deira meining om det er trygt å halde fram drifta ved skulen.


Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.