Hopp til innhold

Tåke skapte problem på Flesland

Bergen lufthamn, Flesland har vore råka av tett tåke i dag. Det har ført til store forseinkingar i flytrafikken.

Tett tåke på Flesland 2014

TÅKA: Tett tåka på Flesland gjer at det er låg sikt og fly får ikkje til å landa.

Foto: Avinor / Webkamera

Det er enno forseinkingar i flytrafikken på Flesland, men fleire fly har no landa på Flesland. Tåka har letta og fly har omsider fått landa.

– Situasjonen er mykje betre no enn den var. Frå klokka 10.00 og fram til no har fly byrja å landa igjen, og vi har også fly som er på veg ut for å ta av, seier lufthamnsjef Aslak Sverdrup.

– Kor store forseinkingar er det i flytrafikken no?

– Det er nokre fly som er veldig forseinka og eit par kanselleringar, men elles så er det mindre forseinkingar, seier Sverdrup.

Låg sikt

Då NRK snakka med Sverdrup tidlegare i dag var det store problem på Flesland.

– Vi har låg sikt på Flesland, og det har gjort at fly som prøver å landa kjem seg ikkje ned. Desse har gått til andre flyplassar og vi har ikkje hatt nokre fly som har landa etter klokka 09.00 i dag, seier Sverdrup.

Forseinkingar

Avinor oppmodar reisande til å halde seg oppdatert på heimesida eller kontakte reiseselskapet sitt.

– Detta skapar konsekvensar for dei reisande. Så det er viktig at dei som skal reisa kontaktar reiseselskapet sitt, forklarar Sverdrup.

– Kor lenge trur du dette vil vara?

– Det er vi usikre på fordi vêrvarselet viser at det ikkje er nokre store forandringar dei neste timane, seier Sverdrup.

ventar i kø på Flesland

KØ: Folk ventar i kø på Flesland.

Foto: Webkamera Flesland