NRK Meny
Normal

– Ingen får køyre med takboks over bruene i dag

Politiet kjem til å sile ut bilar med takboks under ekstremvêret Tor, og åtvarar mot å køyre med tilhengar over bruene i dag.

Sotrabrua

INGEN MED TAKBOKS: Politiet kjem til å nekte bilar med takboks å køyre over Sotrabrua i dag.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Det er for å unngå redningsaksjonar midt oppe på bruene når det er orkan i vindkasta.

Det seier Helge Stave, lensmann i Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt. I dag har han politiansvaret i fire kommunar, og med to svært trafikkerte bruer. På ein vanleg fredag køyrer rundt 50 000 bilar over Sotrabrua og Askøybroen.

Begge desse bruene står i fare for å måtta stenga i dag. I tillegg bles det kraftig både på Nordhordlandsbrua og Stordabrua i Hordaland.

LES OG: E39 stengt mellom Bergen og Stavanger

– Det er det verste scenariet i dag. Det er sjeldan det er aktuelt sidan dei ligg så forskjellig til i forhold til vindretninga. Men akkurat den vindstyrken som er meldt frå sørvestleg retning gjer at vi er førebudd på det, seier Stave.

Følg uvêret Tor minutt for minutt:

– Takboks forbode

På Sotrabrua, som er mest utsett for vind frå sør og sørvest, blir trafikken styrt omtrentleg etter denne vindstyrken:

  • 20 m/s – sterk kuling/liten storm – Vegtrafikksentralen varslar politiet
  • 25 m/s- storm – Politiet dirigerer trafikken. Køyretøy med låg vekt eller høg luftmotstand vil bli stoppa
  • 30 m/s – sterk storm – brua blir stengt
Helge Stave

VIL STOPPE LETTE BILAR: Lensmann Helge Stave i Askøy, Sotra og Øygarden, har ansvaret for trafikken over både Sotrabrua og Askøybroen i dag.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Bruene blir overvaka av Statens vegvesen, og vi får jamlege rapportar om vindretning og vindstyrke. Det er på Sotrabrua vi har størst utfordringar, og det er der vi oftast må rykke ut og stenge brua. Blir stenginga langvarig tek Statens vegvesen over, fortel lensmannen,

I dag må han syte for å ha politipatruljar på begge sider av bruene, og på både Sotra og Askøy, i tilfelle bruene må stengast.

– I ettermiddag skal folk ikkje køyre med takboks over nokon av bruene. Losnar den og treff eit anna køyretøy, kan vi få ei ulukke oppe på brua. Då får vi ein vanskeleg redningsaksjon. I orkan slit ein med å stå oppreist, åtvarar han.

– Dette er ikkje dagen for å køyre på kaffibesøk

Stave er ikkje redd for at bilar skal blåse av brua, men vil for all del unngå ulukker.

– Tilhengarar må ein også vera forsiktig med i dag. Sjåførane har eit klart ansvar. Dei er ansvarlege for at dei klarer å halde køyretøyet og hengaren i sitt køyrefelt. Oppstår det ei ulukke risikerer ein å bli stilt ansvarleg, seier han.

Stave vil også roe ned dei som er uroa for ettermiddagen og kvelden.

– Åtvaringane frå politiet blir gjevne for å roe folk ned. Ikkje for at dei skal bli redde. Men dette er ikkje dagen der ein skal køyre på kaffibesøk. Eg tenkjer det er greitt å halde seg heime.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.
Programleder: Mariann Reikerås