Hopp til innhold

Syriske Ahmad fekk ein norsk ven av kommunen

Prosjektet «Kvammakompis» har som mål å integrere framandspråklege i Kvam. Resultata er så gode at kommunar over heile landet no kopierer prosjektet.

Kvammakompis

KOMPISAR: Ahmad Albhai Kheder og Victor Tombre har blitt vener gjennom prosjektet Kvammakompis.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette fungerer veldig greitt. Eg lærer ting av han, han lærer ting av meg, seier Victor Tombre om den såkalla kvammakompisen sin, Ahmad Albhai Kheder.

Dei to ungkarane sit i ei leilegheit i Norheimsund og spelar bilspel på TV-en, medan kaffien står på kok. Dette er ein del av integrering- og inkluderingsprosjektet Kvammakompis, som er oppfunne av Grannehjelpa i Kvam.

– Gjer integrering lettare

Prosjektet går ut på at ein framandspråkleg kvemming og ein kvemming med norsk bakgrunn skal vere kompisar i tre månadar for å bli betre kjend og lære av kvarandre.

– Ein får treffe nye folk frå Kvam, som ein kan bruke tid saman med og lære god norsk av. Det gjer det lettare å bli integrert i samfunnet, seier Kheder.

Han kom frå Syria til Noreg i 2014, og meiner prosjektet har mange fordelar.

– Det er opp til oss sjølve kva vi vil finne på. Vi møtes omtrent ein gong i veka, når det passar for oss begge, fortel Tombre.

Lærer av kvarandre

Tombre er frå Norheimsund og fekk spørsmål frå Grannehjelpa om han ville vera med på prosjektet. No er han glad han takka ja.

– Vi er to ungkarar i trettiåra, så vi er ikkje så ulike. Det er jo ikkje «berre berre» å kome rett til Kvam utan å ha vore her før. Han får øvd seg på norsk og eg lærer meir om integrering. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, seier Tombre.

Kvammakompis

EIN GONG I VEKA: Dei to kvammakompisane er saman ein gong i veka, og spelar TV-spel, drikk kaffi, er på klatring eller kino.

Foto: Tale Hauso / NRK

Så langt har resultata frå prosjektet vore gode. Mange har funne tonen og held kontakten vidare, fortel prosjektleiar Rut Oppedal Rasmussen.

– Det er viktig for oss at dette er eit lågterskeltilbod. Dei som deltek i prosjektet skal møtast seks gonger og kvart møte varar i ein time, men dei kan sjølvsagt møtast meir, seier Rasmussen, som òg er frivilligkoordinator ved Grannehjelpa i Kvam.

Fleire kommunar gjer det same

KvammaKOMPIS starta opp våren 2016, og ein er no i gong med andre gruppe. No breier prosjektet om seg.

– Vi har fått spreidd det til mange andre frivilligsentralar. Det har blitt tatt veldig godt i mot, og no har det blitt Aukrakompis, Timekompis, Fitjarkompis, i Tysnes har dei blitt Tysnesven, og både Hornindal og Stord er i gang med liknande prosjekt, seier Rasmussen.

Rut Oppedal Rasmussen

NØGD: Prosjektleiar Rut Oppedal Rasmussen er nøgd med tilbakemeldingane som har kome på prosjektet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ho fortel at tilbakemeldingane i Kvam har vore over all forventing.

– Alle svarte at dei hadde lyst å fortsette og vil møtast igjen. Vi lærer mykje av kvarandre, og alle er ressursar i dette prosjektet.