Hopp til innhold

Synshemma tør ikkje kryssa bybanesporet

BERGEN (NRK): Blinde og svaksynte demonstrerte laurdag mot det dei meiner er farlege overgangar på bybanesporet i Bergen. – Eg føler meg rett og slett ikkje trygg, seier Eva Kirkevik.

Demonstrerte mot Bybane-overgangar.

DEMONSTRERTE: Laurdag demonstrerte Blindeforbundet mot overgangane til Bybanen. Forbundet krev lyd- og lyssignal.

– Det er altfor mange overgangar ved Bybanen i Bergen som er veldig usikre, og som er ein fare for dei med lite syn, seier Inge Fiskvik, leiar i Blindeforbundet i Hordaland.

Overgangane som høyrer til bybanestoppa har ikkje lyd- eller lydsignal som fortel om det er trygt å kryssa. Mange synshemma kvir seg difor for å gå over sporet.

– Det er vanskeleg å finna ut om det er Bybanen som kjem mot deg, eller om det er noko anna du høyrer. Det krev veldig mykje, og det er ein stor belastning for dei med lite syn, seier Fiskvik.

Lyd- og lysfri overgang er standard

Ved ein del bybanestopp er det lyskryss med lydsignal i nærleiken, men Blindeforbundet nemner fleire stopp kor lyskryssa er langt unna. Trafikkstøyen gjer det ekstra vanskeleg å kryssa, fortel styremedlem Eva Kirkevik i Blindeforbundet.

– Eg synest det er heilt forferdeleg, og eg er ikkje ein spesielt pysete person. Til vanleg unngår eg dette bybanestoppet viss eg må kryssa sporet. Då tar eg heller bybanen eitt stopp ekstra, og så går eg tilbake igjen, seier Kirkevik om stoppet på bystasjonen.

Inge Fiskvik og Eva Kirkevik

KRITISERER OVERGANGANE: Utan lyd- og lyssignal er det farleg for synshemma å kryssa sporet, fortel Inge Fiskvik og Eva Kirkevik i Blindeforbundet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Direktør Kjell Atle Gullbrå fortel at Bybanen er forma med auga for trafikktryggleik, og at omsynet til funksjonshemma blei tatt med i vurderinga når banen blei bygd. Overgangar utan lyd og lys er standardutforming av haldeplassane til Bybanen.

Direktør Kjell Atle Gullbrå i Bybanen as

Direktør Kjell Atle Gullbrå i Bybanen.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Er haldeplassane då tilrettelagt for synshemma?

– Det er jo ein plass med låg hastigheit, og der førarane køyrer på sikt og tar omsyn til det dei ser framfor haldeplassen. Men føraren kan jo òg gi eit lydsignal viss han ser nokon som er i ferd med å kryssa når banen kjem.

Trur det er vanskeleg å forstå utfordringane

Direktøren fortel at ansvaret ligg hos føraren av Bybanen.

– Men forstår du at dei synshemma likevel føler seg utrygge?

– Eg vil heller sei at dei må koma til oss med dei plassane dei føler seg utrygge, så kan me sjå på det i fellesskap.

– Det er jo ikkje nødvendigvis slik at om nokon føler at noko er utrygt, så er det utrygt, seier Gullbrå.

bybane og buss

FORSTÅR IKKJE: Blindeforbundet trur det er vanskeleg for folk å forstå utfordringane til synshemma og blinde, og at det minskar sjansen for at problem blir gjort noko med.

Foto: Runa Victoria Engen

Blindeforbundet fortel at dei har sendt inn klage til Fylkeskommunen, som eig Bybanen.

– Men me har ikkje heilt lukkast med det. Me har ikkje nådd gjennom, seier Eva Kirkevik.

– Eg trur kanskje det er vanskeleg å forstå for folk som ikkje har dei utfordringane me har som synshemma. Og det er klart at viss ein ikkje forstår poenget, så er det ikkje stor sjanse for at det blir gjort noko med.