NRK Meny
Normal

Synkehol oppdaga i Bergen

Holet er kring halvanna meter djupt og 30 gonger 30 centimeter stort.

Synkehull i Lille Øvregaten i Bergen

LITE: Synkeholet i Bergen er ikkje særleg stort, men holet går opp til ein halvanna meter ned i bakken.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

Synkehull Bergen sentrum

Politiet er på plass med sperringar.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

Synkeholet er oppdaga i Lille Øvregaten i Bergen sentrum. Det er sett opp provisoriske sperringar og politiet er på staden.

Det er brustein som har sokke kring ein til ein og ein halv meter ned i bakken.

– Det kan vera eit vassleidningsbrot eller anna som er årsak til det. Vi veit ikkje sikkert enno. Vi er på veg for å undersøka, seier driftsleiar Håkon Fasting ved vaktsentralen i Bergen kommune.

Ikkje fare for utviding

Etter at kommunen sine ekspertar har tatt ein nærare kikk på synkehullet, blir det konkludert at overvatn har vaska vekk massane. Det skal ikkje vera leidningsbrot som er årsaka til at holet har oppstått.

– Det er heller ikkje fare for at dette holet skal utvida seg, seier driftsteknikar Kristian Mjelde etter å ha undersøkt holet.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.