NRK Meny
Normal

Vil redda liv med raud knapp

LINDÅS (NRK): Tryggleiken for syklistar er for dårleg i norske tunnelar, meiner Syklistenes Landsforening.

Syklist varslar om at han skal inn i tunnel

MEIR AV DETTE: Syklistenes Landsforening ønsker fleire raude knappar i landet.

Foto: Halvor Forlgerø / NRK

Du har lov til å sykla gjennom 750 av dei 1200 tunnelane i landet, men Syklistenes Landsforening meiner at syklistane sin tryggleik er altfor dårleg.

Tysdag mista ein belgisk sykkelturist livet då han blei påkøyrt av ein bil i Raunekleivtunnellen i Samnanger.

No krev syklistane eit betre varslingssystem, og dei meiner at løysinga ligg i ein raud knapp.

Vil oppretta varslingssystem

Gisle Clementsen er aktiv i Nordhordland Sykkelklubb. Når NRK møter han skal han til å sykla gjennom Munndalsbergtunnelen på trafikkerte E39.

– Dette er vel ein av dei verste tunnelane eg har sykla gjennom, men eg har ikkje prøvd han etter at varslingssystemet kom på plass.

Clementsen liker ikkje å sykla i tunnelar, men han gjer det der han må. I brorparten av tilfella har han lov til det, men tunnelane er ofte altfor dårleg tilrettelagt for syklistar, meiner Syklistenes Landsforening.

Morgan Andersson er generalsekretær i foreininga. Han fortel at den dårlege belysninga ofte er spesielt problematisk, men at dette ikkje er det største problemet.

– Det største faremomentet for syklistar er at bilistar ofte ikkje er klare over at det kan vera folk som syklar inne i tunnelar. Så me anbefaler vegvesenet å oppretta eit varslingssystem for å hindra ulykker

Andersson ser for seg eit varslingssystem av denne typen:

  • Syklisten trykker på ein knapp
  • Bilistane blir varsla med blinkande lys

Syklist trykker på raud knapp

SPENT: Gisle Clementsen rett før han skal testa varslingssystemet for første gong.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Gode erfaringar

Eit slikt system har blitt testa ut i fleire tunnelar på Senja i Troms med gode resultat.

– Syklistane seier at dei kjenner seg tryggare på at bilistar ser dei, og bilistane seier at dei har blitt meir merksame på syklistar, seier Morgan Andersson.

Morgan Andersson, Syklistenes Landsforening

DÅRLEG TILRETTELAGT: Morgan Andersson meiner at ein kan få færre ulykker om fleire tunnelar får varslingssystem.

Foto: Syklistenes Landsforening

Han meiner at slike kostnadseffektive varslingssystem bør bli implementert over heile landet, i alle tunnelar kor syklistar ferdast.

Etter at Gisle Clementsen i Nordhordland Sykkelklubb har testa varslingssystemet for første gong, meiner han at testen lovar godt for både syklistar og bilistar.

– Eg trur at det vil hjelpa betydeleg, og me vil ikkje kveppa like mykje når me er der inne.

Open for utviding

Marit Espeland er sykkelkoordinator i Vegdirektoratet, og ho meiner at det skal vera trygt å sykla i tunnelar der dette er tillat.

Espeland peiker på at ulykkesrisikoen er lågare i tunnelar enn ute på vegen på dagtid. Men ho seier at Vegdirektoratet er opne for å utvida ordninga med varslingsknapp.

– Ja, dette er noko me vurderer når me planlegg sykkelruter som skal bli skilta gjennom tunnelar.

Varslingssystem for syklistar i tunnel

UTELUKKAR IKKJE FLEIRE: Vegdirektoratet seier at det kan bli aktuelt med fleire slike varslingssystem.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017