Hopp til innhold

Samlar på kommunar frå sykkelsetet - vil ha norsk sykkelkart

Syklistenes Landsforening krev betre kart over trygge tunnelar og omkøyringsvegar: – Turistane er usikre på kor dei skal.

Egil Sandnes etterlyser betre

UTFORDRANDE: Syklist Egil Sandnes fortel at det er vanskeleg å finne informasjon om trygge tunnelar og omkøyringsvegar.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Stadig fleire norske og utanlandske turistar vel å bruka sykkel som framkomstmiddel på ferieturen sin, men det er ikkje utan risiko.

Tysdag omkom ein belgisk turist etter å ha blitt påkøyrt i Raunekleivtunnelen i Samnanger. Følget som blei råka av dødsulykka kunne ha sykla rundt tunnelen, men denne moglegheita er ikkje skilta.

Syklistenes Landsforening meiner at turistar ikkje veit kor dei bør sykla, og skuldar på mangel på gode kart. Foreininga får støtte frå ein av landets mest ivrige syklistar.

– Veldig utfordrande

– Oversikt over tunnelar hadde vore ein veldig god start. Eg har ikkje klart å finna noko ordentleg informasjon hos vegvesenet, seier syklist og bloggar Egil Sandnes.

Sandnes bør vita kva han snakkar om. Han har nemleg tallause sykkelkilometer bak seg, og han har eit mål om å besøka alle dagens kommunar frå sykkelsetet.

– Det er veldig utfordrande å finna informasjon om trygge tunnelar og omkøyringsvegar.

Generalsekretær i Syklistenes Landsforening, Morgan Andersson, fortel at dei har høyrt lovnader om eit godt informasjonsgrunnlag for sykkelturistar i 20 år.

– Det finst ikkje endå, konstaterer han.

Mange syklistar tyr i dag til eit engelsk kart over norske tunnelar. Vegvesenet seier at desse karta har den same informasjonen, men innrømmer at den ikkje er lett å finna.

– Det er ei nettside som ikkje er så lett tilgjengeleg, men me jobbar for å auka brukarvenlegheita for alle. seier Marit Espeland, som er sykkelkkoordinator i vegvesenet.

Bruken av engelsk tunneloversikt

POPULÆRT: Stadig fleire bruker engelsk kartoversikt, opplyser Roar Løkken, kommunikasjonssjef i Syklistenes Landsforening.

Foto: SKJERMDUMP

Tunnelane uroar

Sykkelturistane Martin Desmidt og Martine Clauwaert gjer seg klare for ein ny etappe. Dei har gjort heimeleksa si, og har studert vegane med engelske kart i forkant av turen.

Ekteparet har kanskje førebudd seg så godt dei kan, men tunnelane uroar dei likevel.

– Det er mykje bråk, stressande, og så kan du ikkje vita om bilane bak har sett deg, seier Desmidt.

– Eg er alltid glad når eg kjem ut igjen, letta over at ingenting gjekk gale, supplerer Clauwaert.

Kommunesamlaren Egil Sandnes forstår dei godt. På sine Noregs-reiser er han heilt avhengig av eit grundig forarbeid.

– Når eg samlar kommunar på den måten her, så krev det veldig mykje planlegging. Eg må få ruta mi til å gå opp, og det er ofte vanskeleg å vita kor eg skal sykla på førehand.