Hopp til innhold

Syklist slått medvitslaus etter utforkøyring

Ein syklist er henta av luftambulansen etter å ha køyrd utfor vegen og hamna i Ulevåvatnet på Haukeli.

Ulevåvatnet

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.04.

– Syklisten fall eit godt stykke utfor vegen og ned i Ulevåvatnet ved fylkesgrensa, seier Jan-Tore Heggholmen i Vest politidistrikt.

Heggholmen seier at fallet viste seg å vere meir alvorleg enn ein først trudde.

– Mannen fall halvannan meter ned og slo hovudet i ein stein, deretter rulla han ut i vatnet. Han var medvitslaus då han havna i vatnet, seier operasjonsleiar Heggholmen.

Brannvesenet var raskt på staden, og fekk personen opp av vatnet.

– Han var blodig i ansiktet, og hadde skader i nakken, seier Heggholmen.

Syklisten er no henta av luftambulansen.

– Då var han medviten, sier han.