Hopp til innhold

Syklist sendt til sjukehus

Ein mann er sendt til Haukeland universitetssjukehus etter kollisjonen i Lyderhornsveien i Bergen. Syklisten kolliderte med ein lastebil ved innkøyringa til Vianor og dyreklinikken. Skadeomfanget er ikkje kjent. Det er manuell dirigering på staden.