Hopp til innhold

Syklist påkøyrd - sendt til Haukeland

Ein syklist vert frakta til akuttmottaket på Haukeland sjukehus, etter å ha blitt påkøyrd ved Vallaheiane.

Syklist påkøyrd ved vallaheiane

RYKKA UT: Politi og ambulanse rykka ut til Vallaheiane etter at ein syklist vart påkøyrd.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Ulukka skal ha skjedd på ein sideveg ved E39 Osvegen, på toppen av Vallaheiane sør for Bergen sentrum.

– Ulukka skjedde under roleg fart, men syklisten har knust ei siderute bak på bilen med hovudet sitt, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Mannen i 40-åra vert sendt til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus. Syklisten hadde ikkje hjelm på seg.

– Han har ein del kuttskadar i hovudet og i ansiktet. Det er ikkje kjent om det er brotskade på kraniet, seier Magnussen.